Hjem
Utdanning
News

Med meiningars mot

– Studiet handlar om å argumentere og gjere seg opp eigne standpunkt.

Hovedinnhold

– Samfunnet har bestemt at vi skal ha visse grunnleggande rettsreglar. Jussen er læra om korleis vi skal forstå og utøve dei reglane. Juristane si oppgåve blir å tolke dei lovane som stortinget har vedtatt og å finne ut korleis dei skal brukast, forklarar Alexander.

Det finst ikkje alltid ein fasit
Han er jusstudent på tredje året og er midt i studiet. Det han synest gjer jussen så spennande, er at det ikkje alltid finst eit opplagt fasitsvar. Ein har eit sett med reglar i botn, men det er rom for eigen argumentasjon.

– Jussen bygger på normer og reglar som er bygd opp av samfunnet, og sidan folk har ulike haldningar og verdisyn, er det forskjell på korleis ein veg dei ulike omsyna. Det får utslag i argumentasjonen, og saker kan derfor løysast på fleire måtar, fortel han.

Han meiner det er viktig å våge å gjere seg opp eigne meiningar og å våge å stå for dei. Ein blir svært medviten på sine eigne haldningar i løpet av studiet.

Alt kan knytast til jus
Jusstudentar bør vere interessert i allmennkunnskap. I løpet av studiet lærer ein mykje om andre fagfelt, det er heilt nødvendig for å kunne jobbe med jus.

– Vi kjem innom alle slags hendingsforløp. Innan erstatningsrett kan det vere snakk om nokon som fell ned i eit basseng og på kontraktsrett kan det handle om oppføring av ein bygning. Alt kan knytast til jus, alt i samfunnet og korleis det fungerer.

– Det er også ein stor fordel å like det norske språket. Vi vrir og vender på ord og setningar og kan grave oss til botns i kva eit uttrykk faktisk betyr, ler han.

Studentar deltek i undervisninga
Studentane deltek på førelesingar, seminar og i grupper, og dei skriv mange oppgåver. Det gjer at ein har fleire måtar å lære stoffet på. Ein del gruppesamlingar blir leia av eldre studentar, noko som er svært positivt, synest Alexander.

– Dei har vore gjennom det same sjølv, og forstår kva vi slit med og kva vi treng å få grundig forklart, seier han.

– Studentane her på jussen er veldig engasjerte. Vi kan ha lange diskusjonar etter å ha lese noko i avisa eller etter å fått ei oppgåve vi skal løyse.  

Også tid til fritid
Alexander vedgår at det er eit hardt studium, men det er ikkje slik at ein ikkje får tid til anna. Sjølv er han aktiv i ELSA Bergen, ein studentorganisasjon som blant anna arrangerer prosedyrekonkurransar, studieturar, aktivitetar for dei internasjonale studentane og foredrag.  

– Bergen er ein fantastisk studieby! Det er alltid noko som skjer og det er gøy at det er studentar frå heile landet her. Eg har blitt mykje flinkare til å høyre forskjell på dialektar, seier austlendingen.

At det regnar mykje?
– Det er berre ein fordel når ein skal sitte inne og lese til eksamen, konkluderer han.