Hjem
Utdanning

Leiker politikar

– Ofte bruker vi eit perspektiv som sentralbanksjef eller politikar og prøver å svare på spørsmål som: Kva skjer med samfunnet om vi aukar avgiftene på bensin?

Hovedinnhold

Runar går tredje året på samfunnsøkonomi. Han begynte på studiet fordi han likte økonomifaget på vidaregåande skule, men han fann fort ut at på UiB handlar det meir om teoriar og ikkje noko særleg om budsjettering.

– På samfunnsøkonomi blir vi flinke til å forstå kva som styrer økonomien, ved å setje opp store matematiske modellar. Slik kan vi for eksempel foreslå kva styringsrenta bør liggje på. Det er meir matte enn mange ville trudd i slike problemstillingar. Vi arbeider ofte med insentiv: Korleis kan vi oppnå dei endringane vi ønskjer oss gjennom økonomien?

Mange av toppolitikarane i Noreg har studert nettopp samfunnsøkonomi, og det er ei utdanning som kan brukast på fleire måtar. Runar fortel at mange av studievennene hans bruker dei frie studiepoenga til å ta meir praktiske fag på høgskulen. Dei som begynner på mastergrad, får òg ein meir spesifikk kunnskap som er ettertrakta på arbeidsmarknaden.

Studievanar
– Eg har endeleg lært meg å verdsetje lesesalen. Vi startar dagen med forelesingar kl. 8, og det varer eit par timar. Og så pushar eg og ein kompis kvarandre til å bli sitjande og arbeide til kl. 16. Vi jobbar mellom anna med oppgåver som skal leverast. Desse handlar gjerne om heilt sentrale sider ved faget, og det går ofte eit lys opp for meg når eg jobbar med dei, seier Runar.

Seminar er også ein viktig del av studiekvardagen. Her arbeider rundt ti studentar saman med ein seminarleiar. Dei kan presentere pensum for kvarandre eller få hjelp til oppgåver. Runar fortel at dei tilbyr dette på alle faga på samfunnsøkonomi.

Cape Town og budsjettmat

– Når husleige og snus er betalt så har eg ikkje så mykje pengar til mat. Då blir det ofte billegpizza til middag, seier Runar og smiler. Han har valt å ikkje bu altfor dyrt, og deler leilegheit med ein kamerat litt utanfor byen.

– Men i fjor budde eg i Cape Town. Der studerte eg finans, rekneskapsføring og eit språk som heiter afrikaans. Sidan vi har så mange frie studiepoeng, er det fleire som reiser på utveksling.

Etter å ha budd i Sør-Afrika blei Runar ekstra samfunnsengasjert. I år har han vore aktiv i å opne eit nytt AIESEC-kontor som tilbyr praktikantplassar mellom anna i Afrika.

– Det er kjekt å vere med å starte noko nytt. Men det er mykje som må ordnast, og mange søknadar som må sendast av garde, seier Runar. Han trur at ein samfunnsvitskapleg bagasje kan vere veldig godt å ha med seg om ein skal arbeide som frivillig i andre delar av verda.