Hjem
Utdanning
Fotokonkurranse

Vis oss din studiekvardag ved UiB

Last opp ditt bilete frå studiekvardagen på Instagram, og ver med i trekninga av billettar til årets BIFF-festival.

Hovedinnhold

Studietida er full av små og store augeblinkar som til saman utgjer livet! Kollokviegruppa som vart ein vennegjeng, fredagsgraut i kantina, ditt første vellukka eksperiment på kjemilaben eller temafest med fagutvalet. Del av studiekvardagen din på Instagram og ver med i trekninga av eit gåvekort til årets BIFF-festival (verdi: 650kr).

1. Ta eit bilete, og last opp via Instagram innan 20. oktober

2. Tagg biletet med #uibstudent

Sjå bidraga til konkurransen ved å søke på #uibstudent i Instagram, eller på UiB si Facebook-side.

Knips i veg og lukke til!

Vilkår:

• Alle studentar ved UiB kan delta.

• Vinnarbiletet blir annonsert måndag den 21. oktober!

• Vinnaren blir kontakta direkte på biletet i Instagram.

• Bilete med upassande innhald vil ikkje vil bli rekna med som bidrag til konkurransen.