Hjem
Utdanning
SOMMERKVARTERET

Sommarmodus på Kvarteret

Du trudde kanskje studentkulturen tok ferie om sommaren? Det er for så vidt riktig, men nokre hjul snurrar og går fortsatt: Sommerkvarteret held opent ferien til endes.

Hovedinnhold

Sommerkvarteret er drifta av studenthuset Det Akademiske Kvarter i sommarmånadane. Huset blir drive noko annleis enn resten av året, sidan studentane i Bergen stort sett er på ferie.

Men nokre studentar brukar ferien til å jobbe på Sommarkvarteret. Jon Hågan Fjelland og Aleks Wilhelmsen som har bakgrunn frå bookinggruppa ASF på Kvarteret, har tatt på seg å leie Sommerkvarteret:

- Vi har konsentrert drifta om baren og konsertscena i 1.etasje. Når det er Sommerkvarteret brukar vi ein mindre del av studenthuset.

Om sommaren er om lag 25 studentar i full sving medan det er fleire hundre som jobbar frivillig resten av året.

Jam, quiz og festival

Sommerkvarteret køyrer ulike konsept frå måndag til laurdag i heile juli og august.

– I helgane har vi satsa på klubbkonsept med ulike artistar. I tillegg arrangerer vi blant anna jam og quiz i vekedagane, fortel Wilhelmsen.

Det blir også festivalstemning på Kvarteret i august:

– Første helga i månaden blir det Tellés sommerfest '12, eit nytt konsept i samarbeid med Tellé Records.

Leiarane er nøgde med besøket så langt og fortel at det er mange forskjellige gjester som er innom, i tillegg til studentar.

- Spesielt under fotball-EM hadde hadde vi eit variert publikum.

Er du ny student og besøkjer Bergen før semesteret tar til, bør du ta turen innom og bli kjent med stuenthuset, meiner Fjelland.

Også i fadderveka skal det vere arrangement for nye studentar på Kvarteret. Fadderprogramma finn du her.