Hjem
Utdanning

Godt for tennene

– Vi lærer metodar som kan minske behovet for å gå til tannlegen, seier tannpleiestudent Christina med eit kritkvitt smil.

Hovedinnhold

– Eg begynte på tannpleiestudiet som ein slags spøk. Eg har nemleg alltid hatt ein stor skrekk for å gå til tannlegen sjølv. Men så kom eg inn og begynte på studiet. Og etter at eg fekk vere med på ein hospiteringsdag på ein klinikk, bestemte eg meg for at det var dette eg ville, fortel Christina. Ho likte den varierte pasientgruppa og syntest at arbeidsoppgåvene verka spennande.

– Som tannpleiar arbeider ein sjølvstendig med å sette diagnosar og behandle lettare munnsjukdommar. I tillegg underviser ein ulike grupper i kva som er god tannhelse, og kva ein sjølv kan gjere for å førebyggje tannsjukdommar. Til samanlikning er det tannlegane sin jobb å fikse hol i tennene.

Praksis

På tannpleiestudiet startar ein allereie første månaden med å kikke medstudentar i munnen. Etter eit halvt år får ein praksis på odontologien sin eigen tannklinikk med ekte pasientar.

– Det kan verke litt kaotisk til å begynne med, men læraren er ikkje langt unna om det er noko ein lurer på. Rundt 40 prosent av all undervisninga skjer i klinikken, og det synest eg er veldig viktig. Ein lærer mest av å utføre oppgåvene sjølv. Og ein lærer å møte nye menneske, som jo er ein viktig del av jobben, seier Christina.
Ho fortel at tannpleiestudiet ikkje berre består av teori om tenner, dei lærer òg mykje om generell anatomi. Psykologi og pedagogikk er også viktige delar av studiet.

– Det menneskelege står sentralt. Ein lærer seg å møte og tolke menneske i ein veldig intim situasjon. Det er ikkje alle som er like komfortable med at ein anna person arbeider inne i munnen deira. Då er det viktig å få dei til å slappe av. Eg har blitt veldig god på «small talk», smiler Christina.

Sosialt studium

– Vi er ikkje så mange på studiet og er som ein fin, liten klasse. Vi har òg mykje kontakt med studentane på odontologi. Kvart år arrangerer vi mellom anna eit rebusløp saman. Ei av oppgåvene er å smiske med dommarane, som er tredjeårskullet. Det er særleg populært å bake søtsaker til dei.

Allereie fått jobb

Christina er i sitt tredje og siste år på bachelor i tannpleie. Allereie eitt år før ho er ferdig, takka ho ja til eit godt jobbtilbod.

– Eg kjem frå Odda og dei spurte meg på den offentlege klinikken om eg ville ha jobb. Det ville eg jo! Sjølv om eg liker Bergen, gler eg meg til å flytte tilbake til den koselege og rolege heimstaden min. Og så har eg veldig lyst til å arbeide med tannpleie og undervise barn. Eg er oppteken av at folk skal forstå kor viktig tannhelse er, også i
det daglege.