Hjem
Utdanning
Universitetsstyret

Skal styrke læringsmiljøet

Betre inneklima, betre wifidekning og tryggleik for studentane er nokre av tiltaka som skal gjera læringsmiljøet betre ved UiB.

Universitetsstyret har vedteke ny handlingsplan for styrking av...
Universitetsstyret har vedteke ny handlingsplan for styrking av læringsmiljøet ved UiB.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Universitetet i Bergen har eit klart mål om eit godt læringsmiljø, og undersøkjingar viser at studentane trivst ved UiB. Universitetsstyret vedtok i dag ein ny handlingsplan for styrking av læringsmiljøet ved UiB. Handlingsplanen gjeld frå 2013 til 2015 og er revidert av ei arbeidsgruppe sett ned av Læringsmiljøutvalet. 

Les utkastet til handlingsplan her (pdf).

Den nye handlingsplanen kjem med forslag til tiltak både på fysiske og psykososiale betringar. Mellom anna skal ein overvåka inneklimaet i lokale der det vert påvist problem og sørgja for god dekning for trådlaust nettverk. Alle behovsmeldingar meldt i det elektroniske meldesuystemet Lydia skal følgjast opp, det same skal alle klager forankra i Sørviserklæringa.

 

Trygge studentar

Det vert også lagt vekt på at undervisningslokala og lesesalane skal vera store og mange nok til at alle studentar kan delta i undervising og få lesesalsplass. Universell utforming skal gjera at alle, uansett funksjonsevne, skal kunna nytta bygg, uteområde og elektronisk verkty. Eit av forslaga i handlingsplanen er øyremerking av midler til hastetiltak for tilgjengelighet for studentar med nedsett funksjonsevne.

Ikkje minst understrekar handlingsplanen at tryggleiken til alle studentar skal vera ivareteken i bygg og nærmiljøet. Her set ein inn tiltak som vakthald, lyssetjing og andre tiltak.

Her kan du lesa alle sakspapira frå Universitetsstyremøtet.

 

Planar for 2015

Universitetsstyret sitt møte vart halde i Uppsala, i samband med styreseminaret ved Uppsala universitet.

Andre saker på dagsordenen var forslaget til budsjett for 2015. Kunnskapsdepartementet har bede forskings- og utdanningsinstitusjonar om å fremja forslag til budsjettsatsingar for 2015.

Forslaget skal innehalda omtale av tiltak som vert føreslått utanfor den eksisterende budsjettramma. Departementet nyttar satsingsforslaga utafor ramma som del av grunnlaget for arbeidet med statsbudsjettet for 2015. UiB føreslår prioriterte tiltak for 285 millionar kroner utafor ramma for 2015, mellom anna til styrking av basisløyvinga ved Det juridiske fakultet, satsing på MNT- og vitskapleg utstyr og stipendiat- og postdoktorstillinger, samt studieplassar.

Les budsjettforslaget for 2015 her (pdf).

Universitetsstyret diskuterte også forslaget til Statsbudsjettet for 2014 og konsekvensane for den interne fordelinga internt ved UiB. Budsjettforslaget vert skildra som eit løft for studentane og som ei positiv utvikling for bygninger, men for øvrig som forventa.