Hjem
Utdanning
STUDENT i Bergen

Sommaridyll på Lysøyen

Utvekslingsstudentar ved UiB er på tur for å stifte nærare kjennskap til Ole Bull og hans eventyrlige Lysøyen.

Hovedinnhold

Maisola heng høgt på himmelen og gir ei sommarlig ramme for besøket til Lysøyen. Vel 60 studentar er med på tur, dei fleste er på utveksling til Bergen.

Reisefølgjet har akkurat gått den vesle turen frå hamna der fraktebåten Ole Bull legg til, og opp til tunet framfor fabelhuset. Her står ein venegjeng og oppsummerar sitt første inntrykk: 

- Det er veldig vakkert her. Eg såg eit bilete av villaen til Ole Bull i ei brosjyre då eg kom til Noreg for tre år sidan. Først no får eg endelig oppleve øya og sjå det spektakulære huset med eigne auge, fortel Sneae Pecurova som studerer System Dynamics ved UiB.

Pecurova kjenner til Ole Bull, men mest på grunn av Ole Bullsplass i Bergen sentrum. Hans unike spelestil på fiolin og stjernestatus i 1800-talets musikkhistorie, er mindre kjent.

Spelte på fleire strengar

Sjølv for ein gjennomsnittlig nordmann er det ikkje nødvendigvis naturlig å kjenne til kor stor stjerne Ole Bull var på 1800-talet, i Europa og i verda.

Museumsverten ved Lysøyen tek reisefølgjet gjennom historia til Ole Bull og fortel om barndomen der ein speleglad unggut opponerte mot sin fars vilje. I staden for å studere, øvde Bull iherdig på fiolin og blei raskt kjend i Noreg for sin unike spelestil. Litt vanskeligare var det å slå gjennom i Europa, men etter eit gjennombrot i Italia var ingen dører lenger stengde. Den reiseglade Bull oppdaga verda med fiolinen på armen og spelte imponerande 274 konsertar på 14 månader, Inspirasjonen frå reisene sine inkorporerte han i sommarhuset på Lysøyen, som i dag er eit museum.

- Eg visste at han var kjend i norsk samanheng for norsk tradisjonsmusikk, men eg ante ikkje omfanget av stjernestatusen hans. Det han har oppnådd som musikar og komponist er ganske imponerande, meiner UiB-student Lisa Gracklauer frå Tyskland.

Ein liten tur på stien

Etter å ha blitt fortalt om musikaren si historie er det fritt fram for studentane til å utforske huset. Dei knipsar bilete og studerar musikkinstrumenta nøye, før ekspedisjonen fortset utandørs og studentane tek til på stiane som går på kryss og tvers av øya.

Ved «Utkikkstårnet» på ei høgde bak villaen møter vi tre studentar frå Nepal. Dei fortel om ei imponerande utsikt frå toppen, der ein både kan sjå utover den skogkledde øya og vidare innover Lysefjorden.

- Det er verkeleg vakkert her og villaen er imponerande, er studentane samde om. Det er ikkje første gang dei er med Utdanning i Bergen på tur, og dei set stor pris på tilbodet:

- For oss er det veldig givande å få oppleve desse sidene ved Bergen også, seier Yugraj Gautam som er geografistudent.

Huset med det raraste i

Bergensaren, musikaren og komponisten Ole Bull bygde store delar av fabelhuset i løpet av eitt år ved hjelp av 30 arbeidarar. I taket heng jødiske lysekroner, altanen framfor huset har arabiske element og kuppelen på hustaket er russiskinspirert.  Det karakteristiske huset viser ikkje berre hans mange inspirasjonskjelder, men rommar i dag også ei stor utstilling av ulike instrument og andre klenodium som var i Bulls eige.

Lysøyen ligg berre ein kort buss- og båttur frå Bergen sentrum. Ole Bull kjøpte øya til seg sjølv og familien i 1872, og den har vore i familiens eige sidan den tid. På 1970-talet vart villaen omgjort til eit museum.

Besøk Utdanning i Bergen for meir informasjon om kommande arrangement.