Hjem
Utdanning
Studenten

Fascinert av mysteriekultar

– Eg har alltid vore interessert i Romarriket, Egypt og det antikke. Ei bacheloroppgåve om Isis, ei sentral gudinne i egyptisk mytologi, blei starten på min fascinasjon for mysteriekultar.

Foto/ill.:
Anne-Lise Nordgulen

Hovedinnhold

Religionsvitskap er eit samanliknande, krysskulturelt og ­historisk fag som utforskar dei lange linjene i religionane. Studentane lærer om ulike religionar og religiøse førestillingar i alle delar av verda, til alle tider.

– Antikken er mitt felt, seier religionsstudenten Siri Kleppe. No skriv ho masteroppgåve om gudinna ho fatta interesse for tidlegare i studiet. 

– Isis var ei kjærleiksgudinne og morsgudinne med magiske krefter som blei dyrka i den hellenistiske-romerske kulturen i antikken. Kjeldene mine er gamle magiske skrifter funne i Egypt, fortel ho.

Stor breidde

Dei fleste studieprogram opnar for at du kan velje eit eller fleire emne frå andre fagområde. Siri synest religion hadde så mange spennande emne å tilby at ho valde å reindyrke studiet sitt.

– Du kan drive på med veldig mykje forskjellig når du studerer religion. Det er så stor breidde her og utruleg flinke forelesarar som er gode på formidling; ein vil berre lære meir av dei. 

Siri meiner at studiet gir henne perspektiv på konfliktar i verda. 

– Gjennom studiet lærer ein å forstå meir av årsaksforholda i dei kjente verdskonfliktane, til dømes konflikten i Midtausten.

Studiejobb og karrieremoglegheiter

Religionsvitskap er eit undervisningsfag og ein del religionsstudentar satsar på læraryrket etter at dei er ferdige med studia. Siri har ikkje bestemt seg for kva ho vil gjere når ho er ferdig, men har fått smaken for museumsarbeid etter at ho fekk ein deltidsjobb på De kulturhistoriske samlinger.

– Eg jobbar som formidlar og brukar eit opplegg laga for skuleklassar som besøker museet. Målet er at elevane skal få sjå korleis ein gjer undersøkingar og sjølve få prøve seg på å forske. Det er kjekt å halde på med og eg kunne godt tenkt meg å fortsette med slikt arbeid når eg er ferdig med masteren, fortel ho.

Aktiv fritid

Siri er også engasjert utan om studiane. I tillegg til deltidsjobben på museet, er ho aktiv i fagutvalet for religionsvitskap.

– Vi legg stor vekt på det sosiale i fagutvalet. Derfor arrangerer vi fagfestar ein gong i månaden, av og til saman med studentane på historie og kulturvitskap, fortel ho.

Dei har også andre felles aktivitetar med studentar på andre fagområde.

– I mars var vi på studietur saman med studentar frå kultur­vitskap. Då drog vi til Glastonbury, ein by kjent for sine ny­religiøse grupperingar. Vi har også hatt filmkveldar med «fagleg» tilsnitt. Sist viste vi Braindead, tidlegare har vi vist Carrie og Eksorsisten, ler ho.