Hjem
Utdanning
Studenten

- Eg ser jussen overalt

– På jusstudiet lærer vi oss den juridiske metoden. Vi lærer korleis vi finn svaret i kompliserte juridiske problemstillingar der det ikkje alltid finst ein fasit.

Foto/ill.:
Veronica Ljosheim

Hovedinnhold

– Eg trur mange har eit inntrykk av at vi sit og puggar reglar, men det er verkeleg ikkje det jusstudiet handlar om! Studiet handlar om samfunnet og om rett og gale. Det handlar om å lære seg å finne fram til gjeldande rett ved bruk av retts­kjeldene. Ofte er rettstilstanden uklar, så vi må lære oss å ­tolke kjeldene og forstå samanhengen mellom dei for å ­kunne svare på rettsspørsmål, forklarar Beatrice. 

Spennande problemstillingar

Beatrice er jusstudent på tredje året, og synest jussen blir meir og meir spennande for kvar dag som går. – Vi møter mange interessante samfunnsmessige problemstillingar, og eg ser jussen overalt i kvardagen. Dersom eg hadde slutta på studiet i dag, hadde eg framleis hatt med meg mykje kunnskap som det er godt å ha uansett. Mange skal for ­eksempel gifte seg eller kjøpe hus, og då er det greitt å kunne litt om kontraktrett og familierett. Det er veldig gøy når du oppdagar at det du les på lesesalen fungerer i praksis, ­smiler Beatrice. 

Variert undervisning

Studieordninga var ei viktig årsak til at Beatrice søkte på rettsvitskap akkurat i Bergen. – Undervisningsmetoden her varierer mellom forelesingar, klasseromsundervisning og seminargrupper, og du blir veldig godt følgt opp gjennom heile studiet. Kvar veke får vi oppgåver som vi skal løyse, og vi møtest i grupper for å diskutere problemstillingane. Deretter skriv vi oppgåvene sjølve, før vi kommenterer kvarandre sine svar. På den måten får vi kontinuerleg bruke det vi lærer på forelesing og det vi les i boka i praksis, forklarer Beatrice. 

Aktiv på fritida

Sjølv om Beatrice bruker mykje tid på studia, har ho god tid til venner og fritid også. – Jusstudentar er veldig aktive ved sida av studia; mellom anna har vi ei eiga juristforeining som har aktivitetstilbod for ein kvar smak. Sjølv har eg det siste året vore aktiv i studentorganisasjonen ELSA. Eg er også ­arbeidsgruppeleiar for andreårsstudentar ved sida av studia, i tillegg til at eg har hatt deltidsjobb heilt sidan starten. Det er klart at det kan bli krevjande, men det er fullt overkommeleg, seier ho. 

Gode karrieremoglegheiter

Beatrice anbefaler jusstudiet til dei som har lyst på eit krevjande og spennande studium. – Du finn alle slags menneske på jusstudiet, men dei aller fleste har det til felles, at dei er ambisiøse. Dei er villige til å jobbe og gjere ein innsats for å få eit godt resultat. Det er også ein fordel om du er glad i å problematisere og diskutere, og synest det er gøy når det ikkje finst eit gitt svar. Gjennom studiet vil du verkeleg få ei forståing av korleis samfunnet fungerer, og ikkje minst får du eit vidt spekter av karrieremoglegheiter, påpeikar ho.