Hjem
Utdanning
Studenten

Bergen, Europa og verda

– På europastudium får vi det beste frå to verder. Både spesialiseringa inn mot Europa og eit breiare internasjonalt perspektiv frå ­samanliknande politikk. Ein god kombinasjon, meiner Celine.

Foto/ill.:
Hjørdis Longva

Hovedinnhold

– Det er mest det første året på studiet som handlar spesifikt om Europa. Då lærer vi om kontinentet si historie heilt tilbake frå Antikken og om integrasjonsprosessen som har ført fram til den europeiske unionen vi har i dag. 

– Seinare i studiet har vi også lært meir om korleis dei ulike EU-institusjonane fungerer og om internasjonale politiske og økonomiske forhold. Eg har valt spesialisering i samanliknande politikk, men ein kan også velje å ta spesialisering innan historie. Du har slik sett moglegheit til å sette saman eit studieløp som passar til kva du er mest interessert i, forklarer Celine.

Utreisetrongen

Celine er berre 22 år, men har allereie sett mykje av verda. 

– Eg har alltid vore glad i å reise, så etter vidaregåande og eit halvt år med jobbing flytta eg til New York og tok exphil, exfac og enkeltemne i menneskerettar på Gateway College. Deretter flytta eg vidare til England og begynte på eit studieløp ved Kingston University i utkanten av London i international relations og Media and Culture studies. 

– Studiet var spennande, men det var også dyrt og semestera veldig korte, så det enda med at eg runda av i London etter eitt år og heller flytta til Bergen for å fortsette studia her.

At Celine no har vendt heim til Noreg, betyr likevel ikkje at ho har slutta å reise. – Vi har eit veldig aktivt fagutval på Europastudium som arrangerer studieturar nesten kvart semester. I fjor var vi i Amsterdam og Brussel og no i år har vi planlagt turar til Berlin og Praha. Studieturane er viktige som eit supplement til pensum. Det er noko heilt anna å få sjå korleis institusjonane fungerer i den virkelege verda, enn å lese om det i ei bok.

Dei aller fleste studieprogramma ved UiB opnar for at du kan ta delar av utdanninga i utlandet. Celine vurderer å legge inn eit halvår på Hawaii i løpet av bachelorgraden. 

– Særleg Europarelatert er det jo ikkje, seier ho og smiler, men eg ser fram til å oppleve eit litt meir solrikt klima!

Studentbyen Bergen

Bergen er ein heilt fantastisk by å studere i, slår Celine fast. 

 – For det første er byen utruleg vakker. Det er lett å komme seg rundt, og alt er samla på ein plass. Byfjella gir gode forhold for å kome seg ut i naturen og trene eller gå på tur. Dette er noko eg set stor pris på. 

– I tillegg så er det også eit utruleg bra studentmiljø her. Du møter alltid nokon du kjenner på byen og det finst eit mylder av ulike organisasjonar og saker du kan engasjere deg i. Sjølv er eg med i fagutvalet og i Samfunnslogen. 

– Å engasjere seg i noko utanom studia er ei kjempemoglegheit til å bli kjent med nye folk, samtidig som du tileignar deg kompetanse du ikkje ville fått elles og lærer deg å stå på eigne bein.