Hjem
Etter- og videreutdanning
Deltidsstudier for museumstilsette

Forsking og publisering i museum

Korleis utformer vi eit godt forskingsprosjekt i eige museum og formidler funna? Samlingsbasert vidareutdanning ved UiB for deg som ynskjer å styrke forskningskompetansen din. Søk plass no!

Fugler i inngangspartiet, Universitetsmuseet i Bergen
Vidareutdanningstilbodet for museumstilsette skal gje kompetanse i å planlegge sjølvstendige forskingsprosjekt og øving i vitskapleg publisering. Her frå inngangspartiet, Universitetsmuseet i Bergen.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Forsking er stadig sterkare trekt fram som ein vesentleg oppgåve for museumssektoren. Universitetet i Bergen tilbyr to vidareutdanningsemner retta mot tilsette i musea, der målet er å gje kompetanse i å planlegge sjølvstendige forskingsprosjekt og gi øving i vitskapleg publisering. Studietilbodet er utarbeidd i samarbeid med Norges museumsforbund.

Fagleg ansvarleg: Førstelektor Årstein Svihus

Organisering og undervisning

Begge vidareutdanningsemna er samlingsbaserte, med tre samlingar i Bergen i løpet av eitt semester.  Kvar samling går over tre dagar og omfattar forelesningar, seminardiskusjonar og grupperettleiing. Det er obligatorisk å delta på alle tre samlingane. Du vil også få individuell rettleiing på nett mellom samlingane. 

Vi har 20 studieplassar på kvart av emna, og det er inga studieavgift. Du må imidlertid betale kr 650,- i semesteravgift til Studentsamskipnaden Sammen. Utgifter til pensumlitteratur og reise/opphald i samband med samlingar kjem óg i tillegg. 

Opptakskrav

Begge emna er på masternivå og du må difor ha bachelorgrad, cand.-mag-grad eller tilsvarande utdanning med omfang minimum tre år/180 studiepoeng. Du må også dokumentere at du har minimum to års relevant yrkeserfaring frå museumssektoren. 

Det er vidare ei forutsetning for opptak at museet du er tilsett ved tilrår at du søker, og at forskningsprosjektet du ynskjer å gå i gang med fell innanfor det vi har rettleiingskompetanse på (arkeologi, historie, kulturvitskap o.l. med humanistisk innretning). Når du registrerer søknad ber vi derfor om at du samstundes lastar opp følgjande:

  • Dokumentasjon på bachelorgrad eller tilsvarande utdanning 
  • Dokumentasjon frå arbeidsgjevar på minimum to års relevant yrkeserfaring
  • Kort stadfesting frå arbeidsgjevar på at dei er innforstått med- og tilrår søknaden din
  • Kort prosjektskisse for planlagt forskingsprosjekt (1-3 A4-sider)
     

MUSE 620 Å forske i og på museum  

Emnet MUSE 620 Å forske i og på museum er eit praktisk og teoretisk emne som skal gi oppdatert kunnskap om relevant teori, metode og forskingsetikk samt trening i å konkretisere forskningstema. Med hjelp av rettleiar og medstudentar skal studentane skrive ei prosjektskisse som kan danne grunnlag for eit konkret forskningsprosjekt. Prosjektet kan til dømes vere basert på samlingane i eit bestemt museum, vere formulert innan ein museumsrelevant tematikk, eller dreie seg om musea si rolle i samfunnet.

Les heile emnebeskrivelsen

Emnet går kvart haustsemester, med tre samlingar ved UiB. Kvar samling går frå onsdag kl. 12.00 til fredag kl. 12.00. 

Samlingar hausten 2024

1. samling28. - 30. august
2. samling2. - 4. oktober
3. samling27. - 29. november


MUSE 621 Vitskapleg publisering for museumstilsette

Emnet MUSE 621 Vitskapleg publisering for museumstilsette skal gjere studentane kjende med publisering av vitskaplege tekstar, særleg i fagfellevurderte tidsskrift. Det skal òg gje øving i å skrive ein vitskapleg artikkel basert på eit forskingsprosjekt.

Studentane skal skrive eit utkast til ein vitskapleg artikkel under rettleiing og diskutere eigne og medstudentane sine artikkelutkast, ut frå bestemte faglege vurderingsnormer og retningsliner. Artikkelen kan vere basert på eit sjølvstendig forskingsarbeid knytt til museumssektoren og/eller andre sjølvstendige forskingsarbeid og vere klar for innsending til eit tidsskrift. Denne vert vurdert til greidd/ikkje greidd.  

Les heile emnebeskrivelsen

Emnet går kvart vårsemester, med tre samlingar ved UiB. Dei to første samlingane går frå onsdag kl. 12.00 til fredag kl. 12.00. Den siste samlinga går frå mandag kl. 12.00 til onsdag kl. 12.00

Samlingar våren 2024

Våren 2024 er samlingene lagt til datoane under. Datoar for samlingar våren 2025 vil bli fastsett seinare. 

1. samling17. - 19. januar
2. samling20. - 22. mars
3. samling6. - 8. mai