Hjem
Lektorsenteret

Felles programstyre for lektorutdanninga

Felles programstyre for lektorutdanninga samordnar heile protoføljen av lektorutdanningsprogram ved UiB, inkludert PPU. Avgjeringar som har innverknad på heilskapen i lektorutdanninga skal handsamast av programstyret.

Hovedinnhold

Mandat

Felles programstyre har ansvar for å:

  • Sikre godt samarbeid og god koordinering i lektorutdanninga.
  • Sikre at nasjonale retningsliner og rammeplanar vert følgt opp på fakulteta.
  • Sikre at UiB sine rutinar for kvalitetssikring vert følgt opp, ved å sjå til at gjeldande forskrifter vert følgt og at evalueringar vert gjennomført og følgt opp.
  • Handsame høyringssaker som vedkjem lektorutdanninga ved UiB.
  • Samordne lektorutdanningsprogramma for å sikre ei heilskapleg profesjonsutdanning med samanheng mellom fag, pedagogikk, fagdidaktikk og praksis.
  • Legge felles rammer for å forebygge kollisjonar i timeplanane.
  • Samordne arbeidet med studieplanar og undervisning i alle lektorutdanningstilbod ved UiB. Revisjon av studieplanar som vedkjem fleire lektorutdanningsprogram vert avgjort i programstyret.
  • Gi råd til fakulteta i saker som gjeld studiekvalitet og utvikling av emne og studieprogram i lektorutdanninga.
  • Fremje ein felles profesjonsidentitet i lektorutdanninga.
  • Gi råd til styringsgruppa i saker av strategisk karakter og gi innspel til årleg praksis- og driftsbudsjett.

Samansetning

  • Leiar av lektorsenteret er leiar
  • Fakultetsvis programleiing (5), programleiar for PPU, representant for pedagogane i 5LU og programleiar for PPU-KMD
  • Tre studentrepresentantar oppnemnd av FIL
  • To representantar frå skule (universitetsskule og ungdomskule)
  • Observatørar:
    • UiB Videre
    • Fagleg praksiskoordinator (og leiar av praksisutvalet)

Lektorsenteret er sekretariat.

Representantar

Programleiing for lektorprogramma:

Programleiing for praktisk pedagogisk utdanning (PPU):

Representant for pedagogane (5LU):

Studentrepresentantar:

  • Katrine Aske, studentrepresentant 5LU
  • Thashany Pratheepan, studentrepresentant 5LU
  • Katrine Holte Børstad, studentrepresentant 5LU

Representantar frå skule (universitetsskule og ungdomskule)

  • Monica Håkonsli, universitetsskule (Vestland fylkeskommune)
  • Guri Reikvam, rektor ved Slåtthaug skole (Bergen kommune)

Observatørar:

  • Hilde Selbervik, fagleg praksiskoordinator/leiar av praksisutvalet
  • , UiB Videre

Sekretariat:

Aud Irene Mehammer (programkoordinator) og Ranveig Lote (seksjonssjef)

Sakslister og protokollar

Sakslister og protokollar frå tidlegare programråd (t.o.m. juli 2022)