Hjem
Lektorutdanning
Lektorutdanning

Å vere lektorstudent

Fire studentar som sitt i ein korridor på UiB
Gode sjansar for jobb, nære studievener og ein mastergrad på kjøpet. Det er mange grunnar til å byrje på lektorutdanninga.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Om å gå på eit 5-årig lektorprogram

"Den viktigste trivselsfaktoren er uten tvil medstudentene mine! Vi har det veldig kjekt, både på campus og på fritden, og jeg har blitt veldig glad i de etter snart fem år sammen. En annen ting er engasjementet i studentorganisasjoner - her blir du kjent med folk fra andre studieretninger, og du får flere spennedne ting å være med på! Selv er jeg med i fagutvalget for lektorutdanningen, og har både vært med i Vektorprogrammet og i Studentmållaget. En tredje ting er praksisen vi har i utdanningen - selv om det til tider har vært mye arbeid og stress, er det utrolig gøy å få teste ut ferdighetene sine i et klasserom. Det finnes ingen bedre følelse enn når elevene dine opplever mestring i klasserommet!"   Les meir om Eirik sine erfaringar frå lektorprogrammet i realfag.

"Eg vil seie at det er intenst, men gøy! Det er ei heilt anna verd å vere student, men eg merka fort at eg hadde hamna på rett hylle. Eg får mange faglege utfordringar og god oppfølging frå foreleserane." 

"Eg synes det er veldig gøy med praksis! Det er bra at me får sjans til å teste ut teorien etter kvart. Det har jo vist seg at teorien ikkje alltid fungerer like godt i praksis."   Les meir om Linn sine erfaringar frå lektorprogrammet i tysk.

"Lektorprogrammet kan vere eit krevjande løp, særleg dei tre første åra. No som eg er kommet på masterstudie er det lettere. Mykje av det me lærer her er basert på dei tre første åra, og eg merkar at eg kan hauste av grunnlaget eg la på bachelor."   Les meir om Sondre sine erfaringar frå lektorprogrammet i nordisk

Om å komme ut i jobb

"Læreryrket er overhodet ikke kjedelig og hver dag er ny og givende."   Espen Tangnes, tidlegare lektorstudent i realfag, idag lærar ved St.Paul gymnas kor han underviser i geografi, geofag, naturfag og kjemi

"Det beste med jobben er nok kombinasjonen av å få undervise i fag som jeg er opptatt av og kontakten jeg får med elevene. Det kan være travelt og utforende til tider, og det tror jeg det er viktig å være klar over, men det er nettopp det at jobben har flere sider som gjør den så spennende. Du vet egentlig aldri helt hva som venter i klasserommet og ingen dager er like!"   Les meir om Inger-Hanne sine erfaringar frå å begynne i jobb.

 

Om å ta PPU

Caritha fulgte faginteressa og begynte å studere historie, og forstod etter kvart at ho ville jobbe i skulen. – Eg hadde lyst til å bli lærar. Då var PPU det naturlege valet – og den enkle vegen.

– Eg har blitt bevisst på ting eg tidlegare ikkje visste, til dømes korleis eg kan bruke det eg lærer i ein faktisk undervisningssituasjon, og korleis dette påverkar kven eg er, og blir, som lærar, seier Caritha. 

Det som slår meg med studentane som går på PPU er at dei er utruleg oppegåande menneske som kjem til å bli veldig gode lærarar, og det gjer meg håpefull for framtidas lærarar – og ikkje minst for dei elevane som skal ha desse lærarane. Og så må eg få gi ein shout out til seminarleiarane som holder utruleg høgt nivå, eg er verkeleg imponert over dei!

Om du har lyst til å bli lærar er det veldig fornuftig å ta dette faget, og då særleg med tanke på praksisen, seier Suzanne. – Her lærer du kva kapasitet ein har, kva ein kan klare og ein får høve til å stille spørsmål. Du får gode tips til å lage undervisningsopplegg og du oppdagar etter kvart at det å være lærar er ein stor jobb.