Hjem
Lektorutdanning
Praksis

Kva inneber praksis i lektorutdanninga?

Praksis er ein viktig del av lektorstudie og du får prøvd deg i læraryrket. Praksis er fordelt over fleire semester og du får praksiserfaring frå både ungdomstrinnet og vidaregående trinn.

Elever og lærer i klasserom
Foto/ill.:
Colorbox

Hovedinnhold

Praksis i 5-årig lektorutdanning

Praksis er ein viktig del at lektorutdanninga og i løpet av studiet skal du ha totalt 100 praksisdagar. Praksis skal vere rettleidd, vurdert og variert, og inneber at du skal ha ulike typar praksis gjennom utdanninga. Praksis er fordelt over fleire semester og du får praksierfaringar frå både ungdomskule og vidaregåande skule.

Praksisperiodane har ulik lengde. Den første praksisperioden er av det korte slaget og er hovudsakleg for å observere. I dei seinare praksisperiodane får du meir og meir ansvar for å både planlegge og gjennomføre undervisning. I dei to siste praksisperiodane, såkalla langpraksis, skal du gradvis undervise meir aleine. Du vil bli rettleia av ein erfaren lærar ved praksiskulen du får tildelt.

Det er UiB som skaffar praksisplassane og me har avtalar med skular i og rundt Bergen kommune. All praksis i studiet er obligatorisk.

Det finnes ingen bedre følelse enn når elevene dine opplever mestring i klasserommet.

                                                                                            Eirik om praksis, tidlegare lektorstudent

Praksis i PPU

Som PPU-student skal du i løpet dei to semestera ha to praksisperiodar på tilsaman 60 dagar. Normalt sett skal du ha praksis i både vidaregåande skule og i ungdomskule, avhengig av om du har eit undervisningsfag som berre blir undervist i på vidagergåande trinn. Praksis skal vere rettleidd, vurdert og variert, og du vil erfare at læraryrket inneber svært varierte arbeidsoppgåver. 

Første del av praksisperiodane vil innehalde mest observasjon. Utover i praksisperiodane vil du få meir og meir ansvar for både planlegging og gjennomføring av undervisninga sjølv. Du vil bli rettleia av ein erfaren lærar ved praksiskulen du får tildelt.

Det er UiB som skaffar praksisplassen din og det er ikkje opning for at du kan finne praksisplass på eiga hand. All praksis i PPU-studietet obligatorisk.

Det har gått opp for meg at en skolehverdag er så mye mer enn fag.

                                                                                             Carita om praksis, tidlegare PPU-student