Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Valladolid og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByValladolid
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium, og andre studentar som ønskjer å ta emne innanfor spansk språk, litteratur og kultur. Studentar skal ha avlagt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium vert prioriterte i fall det er fleire søkjarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor i spansk språk og latinamerikastudium: best eigna for utveksling er dei siste fire semestra i studiet.

Master i spansk språk og latinamerikastudium: det 2. semesteret.

Studentar på andre program: sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er spansk.

Studentar må dokumenterer nivå B1 i spansk på søknadstidspunktet. I dei tilfella der du ikkje kan vise til dokumentasjon på språknivå/stadfesting på språknivå, vil du måtte ta eit intensivt språkkurs i spansk ved studiestart i Valladolid.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Valladolid blei grunnlagt i 1241 og er eitt av dei eldste stadig operative universiteta i verda. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 25 000 studentar. Det har fire campusar i sjølve Valladolid, i tillegg til tre som ligg i dei omliggande provinsane Palencia, Soria og Segovia. Fleire av universitetet sine bygningar er ekstraordinært vakre. Blant anna ligg rektor sitt kontor og delar av administrasjonen i eit palass, nærare bestemt Santa Cruz-palasset. Universitetet har eit godt kulturtilbod, blant anna eit eige ungdomssymfoniorkester, kor og teatergruppe.

Valladolid ligg i den autonome regionen Castila y León mot nordvest i det spanske innlandet. Dei lærde stridast om det etymologiske opphavet til namnet på byen. Tolkingane varierer mellom oppkalling etter maurisk leiarskikkelse, «stad der vatn møtest» eller «Olivendalen». Området står seg elles godt økonomisk, med mykje jordbruk og ein solid bilindustri.

Bustad

Universitetet har ei rekke eigne studentbustader i nærleiken av dei ulike campusane. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juli.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universidad de Valladolid

Informasjon