Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Ulm og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByUlm
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for profesjonsstudentar i psykologi, og studentar som går på eit bachelor- eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Grunna ulike semester ved UiB og Universitetet i Ulm er det ikkje mogleg å utveksle hit i haustsemesteret med mindre du kan utveksle eit heilt studieår.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av studieprogrammet dei går på. Profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valsemester og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråk er tysk.

Språkkrav: B1.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgare grad (BA/MA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan òg reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie emne. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Ulm er eit relativt lite, men anerkjent forskingsuniversitet, med rundt 9000 studentar. Det var tidlegare ein medisinsk høgskule men utvida det faglege tilbodet då det fekk status som universitet. Det fokuserer i hovudsak på fagområda medisin, naturvitskap, ingeniørfag og datavitskap, matematikk og økonomi.

Ulm har om lag 170 000 innbyggarar og ligg sør i Tyskland, i Baden-Württemberg. Over på andre sida av elva Danube ligg ein nyare by kalla Neu-Ulm, og det er mykje kontakt mellom byane. Trass i at familien Einstein flytta frå byen lenge før gutungen kunne uttale heile setningar, er Ulm stolte av å vere Albert Einstein sin fødeby. Her finst Einstein-museum, ei Einstein-fontene, Einstein-festivalar og eit årleg Einstein-marathon.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar. Universitetet sitt internasjonale kontor hjelper til med å reservere rom. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i området på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Campus fra luften
Foto/ill.:
© Universität Ulm

Informasjon