Hjem
Studentsider
erasmus+

Adam Mickiewicz University in Poznan og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByPoznan
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogramma i framandspråk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor framandspråklege disiplinar. Studentar skal ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogramma i framandspråk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i framandspråk: Normalt passar det best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorstudiet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med rettleiaren for studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise på utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er polsk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Adam Mickiewicz University (AMU) opna i 1919, og ligg i byen Poznan. Det har fått namn etter den polske diktaren Mickiewicz, som ved sidan av Pusjkin blir rekna som den viktigaste slaviske diktaren. I dag har universitetet 14 fakultet, og over 50 000 studentar. I tillegg til Poznan, har AMU campusar i byane Gniezno, Kalisz, Pila og Slubice. Universitetet har ei arktisk forskingshytte på Svalbard med namn Skottehytta.

Poznan ligg ved elva Warta, midt mellom Berlin og Warszawa. Byen er eit sentrum for kultur og handel, og har mykje industri knytt til blant anna maskin- og elektroteknikk og tobakk. Elles er byen òg blant landets viktigaste universitetsbyar. Poznan har 550 000 innbyggarar og av desse er om lag 140 000 studentar.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan søke på universitetet sine studentbustader, som ligg i kort avstand frå universitetet sin campus i Poznan.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Bygning i kveldsmørket
Foto/ill.:
© Adam Mickiewicz University

Informasjon