Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Eastern Finland og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+ - Nordliks-nettverket)

  • LandFinland
  • ByJoensuu
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor, og masterprogrammet i nordisk språk og litteratur/norrøn filologi. Andre interessert kan og søkje, men blir prioriterte etter studentar med opptak til bachelor-/masterprogrammet i nordisk språk og litteratur/norrøn filologi dersom det er fleire søkjarar enn ledige plassar.

Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar:

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Masterstudentar:

Vi tilrår utreise i 2. semester

Studentar på andre program:

Sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Det vil vere eit avgrensa emnetilbod på skandinaviske språk/engelsk - sjå heimesidene til universitetet.

Kva emne kan eg ta

På denne avtalen kan du ta emne innanfor nordisk språk og litteratur/norrøn filologi. Merk at enkelte emne kan ha eigne opptakskrav som du må følgje. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Bachelorstudentar:

Det er som oftast mogleg å reise på utveksling og ta anten emne i spesialiseringa eller frie studiepoeng.

Emne i spesialiseringa

Dersom du vil ta emne som skal inngå som ein del av spesialiseringa di, altså erstatte eit emne du skulle tatt ved UiB, så er det viktig at du finn emne som i stor grad er likt som det emnet du skulle tatt ved UiB. Vi vil råde deg til å samanlikne både emneomtale og litteraturlister, for å sjå om innhald og læringsutbyte er nokolunde det same. Det er viktig at du finn eit emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dette kan studiekonsulent for studieprogrammet ditt hjelpe deg med.

Frie studiepoeng

Dersom du skal ta frie studiepoeng medan du er på utveksling, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som denne avtalen gjeld for, altså nordisk.

Masterstudentar:

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Ta kontakt med din studierettleiar for meir informasjon.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Eastern Finland blei til gjennom ei samanslåing av to tidlegre uavhengige universitet i 2010, og er no eit breiddeuniversitet med 15 000 studentar og fire fakultet. Blant fokusområda er skogforsking, miljø, helse og utvikling av ny teknologi. Universitetet er fordelt over to hovudcampusar i byane Joensuu og Kuopio aust i Finland, samt ein mindre campus i Savonlinna.

I Joensuu ligg European Forest Institute og fleire eksportbedrifter. Byen er regionhovudstad, og var på slutten av 1800-talet ein av dei største hamnebyane i Finland. Kuopio er den åttande største byen i Finland, og er rekna som Aust-Finlands kulturelle sentrum. Han er omgitt av ein innsjø, og delar av byen er bygd på øyer. Byen har eit unikt gatenettverk, kor annakvar gate er ein fotgjengar- og sykkelveg.

Bustad

Universitetet har ikkje eigne bustader, men samarbeider med uavhengige organisasjonar som driv med formidling av studentbustader både i Joensuu, Kuopio og Savonlinna. Søknad om bustad kan sendast så snart ein har fått opptak ved universitetet. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad privat i desse byane.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Informasjon