Hjem
Neuro-SysMed (NSM)
Nyheter

Helse Vests Forskingspris 2022 til Kjell-Morten Myhr

Helse Vest annonserte nyleg årets prisar på sin årlege forskingskonferanse, der Kjell-Morten Myhr mottok Forskingsprisen 2022 for framifrå forsking på multippel sklerose.

Kjell-Morten posing with the diploma and flowers.
Foto/ill.:
Silje Katrine Robinson

Hovedinnhold

Kjell-Morten Myhr er professor ved Universitetet i Bergen, Klinisk institutt 1, overlege ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og leiar for Neuro-SysMed, eit norsk senter for klinisk behandling av og forsking på nevrologiske sjukdommar med fokus på multippel sklerose (MS), Parkinsons sykdom (PD), amyotropisk lateral sklerose (ALS) og demens. 

Pioner på MS-forsking

I grunngivinga til komiteen kan vi mellom anna lese at Myhr har vore ein pioner i MS-forskinga, og at forskinga hans har resultert i ein forskjell for livslengde og livskvalitet for MS-pasientane.​ Prisen består av 200 000 kroner til vidare forsking samt eit kunstverk.

Ei anerkjenning til heile nevrologimiljøet

– ​Eg er umåteleg glad for denne prisen og eg takkar pasientane som vi har følgt opp gjennom åra, seier Myhr.

– Dette er ei stor anerkjenning for meg og for nevrologimiljøet i Noreg. ​Tidlegare opplevde vi at pasientar døydde etter 5-10 år. No​ klarer vi ofte å stille diagnose tidleg og starte behandling så tidleg at vi kan stanse sjukdommen eller bremse han kraftig, fortel Myhr.

 

Du kan lese meir om Neuro-SysMed sine forskingsaktivitetar her.

Du kan lese meir om mottakarane av dei to andre prisane, Innovasjonsprisen og Prisen til ung forskar, på Helse Vest sine nettsider eller på Bergens Tidende.