Hjem
Universitetsbiblioteket

Universitetsbiblioteket si personvernerklæring

Denne personvernerklæringa fortel korleis Universitetsbiblioteket i Bergen samlar inn og brukar personopplysingar. Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det blir samla inn personopplysningar i tillegg til generell informasjon om korleis vi handsamar opplysningane. Personvernerklæringa følgjer krava i Lov om behandling av personopplysninger (personopplysingslova).

Bergen Open Research Archive (BORA) 

Denne personvernerklæringa fortel korleis Universitetet i Bergen samlar inn og brukar personopplysingar i Bergen Open Research Archive (BORA). Formålet med erklæringa er å informere deg om kva personopplysingar som vert handsama og korleis dei vert handsama. 

Om BORA 

BORA er Universitetet i Bergen sitt opne, digitale forskingsarkiv. BORA inneheld masteroppgåver, doktoravhandlingar og andre vitskapelege publikasjonar i fulltekst. Målsetnaden er å gjere materialet som vert registrert i BORA tilgjengeleg, kjent og søkbart for omverda. 

Føremål med handsaminga 

BORA tilgjengeleggjer studentoppgåver og forskingspublikasjonar frå studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Handsaming av persondata knytt til forfattarar eller bidragsytarar på ein publikasjon er naudsynt av omsyn til vitskapleg forsking og arkivformål i ålmentas interesse. Handsaming av persondata for brukarar er naudsynt for å kvalitetssikre administrative prosessar. 

Kva personopplysingar vert handsama? 

Innhald i BORA kan registrerast manuelt. For masteroppgåver kan desse overførast til BORA ved innlevering i StudentWeb. Publikasjonar vert også overført frå Cristin. 

Ved å registrere deg som brukar i BORA vert desse persondata lagra 

  • Førenamn 
  • Etternamn 
  • E-postadresse 
  • Telefonnummer (ikkje obligatorisk) 

Å opprette ein brukarprofil i BORA er naudsynt for å kunne registrere og laste opp dokument. Det er også naudsynt for administrativ handsaming og tilgjengeleggjering av dokument i BORA. 

For masteroppgåver levert via Studentweb og publikasjonar overført frå Cristin vert forfattarnamn berre  registrert i tilknyting til publikasjonane. 

Besøksstatistikk 

Handlingar vert loggført av statistikkomsyn, men på ein måte som ikkje gjer det mogleg å spore enkeltbrukarar. 

Utveksling med tredjepart 

BORA vert hausta av tredjepartsystem som til dømes Google og Oria. I tillegg vil alt innhald i BORA som standard vere opent tilgjengeleg for alle. Av personopplysingar er det berre forfattarnamn som vert delt.  

Tryggleikstiltak 

Pålogging og autentisering 

Systemadministratorar vert autentiserte via LDAP. Andre brukarar vert autentiserte via LDAP eller passord. 

Korleis sikrar vi opplysningane 

All datatrafikk inn og ut av BORA nyttar kryptering over HTTPS. Brukarinformasjon for administratorar blir lagra i ein lukka database internt i applikasjonen. 

Bergen Open Access Publishing (BOAP) 

Denne personvernerklæringa fortel korleis Universitetet i Bergen samlar inn og brukar personopplysingar i Bergen Open Access Publishing (BOAP). Formålet med erklæringa er å informere deg om kva personopplysingar som vert handsama og korleis dei vert handsama. 

Om BOAP 

BOAP er ei publiseringsteneste som vert drifta av Universitetsbiblioteket i Bergen. BOAP støttar etablering og teknisk drift av opne, elektroniske tidsskrift eller skriftseriar for fagmiljø tilknytt Universitetet i Bergen. BOAP nyttar programvara Open Journal Systems. 

Føremål med handsaminga 

Tidsskrifta og seriane som er knytt til BOAP tek imot, handsamar, lagrar og publiserer artiklar. Persondata vert samla inn for å gjere desse operasjonane mogleg. Det inneber mellom anna informasjon som gjer redaksjonell handsaming mogleg, informasjon til lesarar om forfattarskap og kven som inngår i redaksjon og innsamling av aggregerte data om lesarar for statistikk. Basis for handsaming av persondata er samtykke. 

Kva personopplysingar vert handsama? 

Open Journal Systems som vert nytta av BOAP, handsamar persondata på fleire måtar. Persondata i systemet inkluderer a) Brukardata b) Metadata om bidragsytarar c) Besøksinformasjon 

a) Brukardata   

Følgjande personopplysingar er obligatoriske og vert lagra når du registrerer deg: 

  • Fornamn 
  • Etternamn 
  • Institusjonstilhøyrsle 
  • Land 
  • E-postadresse 
  • Brukarnamn 
  • Passord 

Ved å redigere din brukarprofil kan du i tillegg registrere: 

  • Mellomnamn 
  • Tiltaleform 
  • Nettside 
  • Telefon 
  • ORCID ID
  • Faglege interesser 
  • Biografiske opplysingar 
  • Postadresse 
  • Signatur 
  • Profilbilete 

b) Metadata om medforfattarar 

Ved innsending av eit manuskript med fleire bidragsytarar, vil korresponderande forfattar leggje til bidragsytarane ved registrering av manuskriptet. I regelen handlar dette om medforfattarar. 

Følgjande personopplysingar om bidragsytarar er obligatorisk og vert lagra: 

  • Fornamn 
  • Etternamn
  • E-postadresse 
  • Land 

I tillegg er det mogleg å registrere: 

  • Mellomnamn 
  • Nettside 
  • ORCID ID 
  • Institusjonstilhøyrsle 
  • Biografiske opplysingar 

c) Besøksinformasjon 

Tenesta samlar inn generelle besøksdata til bruk for statistikk. Tenesta nyttar også Google Analytics for statistikkinnsamling. 

Utveksling med tredjepart 

Informasjon om artiklar publisert på BOAP vert hausta av tredjepartsystem som til dømes Google og CrossRef. Publikasjonane vil som standard også vere opent tilgjengelege for alle. Av personopplysingar vert det delt namn, institusjonstilhøyrsle og biografiske opplysingar om forfattarar, informasjon om redaktørar og redaksjonsråd og i enkelte tilfelle informasjon om fagfeller. 

Tryggleikstiltak 

Pålogging og autentisering 

Systembrukarar og deltakarar i redaksjonelle prosessar treng innlogging til BOAP. Brukarar vert autentiserte som lokale brukarar. 

Korleis sikrar vi opplysningane 

All datatrafikk inn og ut av BOAP brukar kryptering over HTTPS. Brukarinformasjon for administratorar vert lagra i ei lukka database internt i applikasjonen. 

Søk og skriv 

Denne personvernerklæringen beskriver hvordan UiB samler inn og bruker personopplysninger i Søk & Skriv. Formålet med erklæringen er å informere deg om hvilke personopplysninger som blir behandlet og hvordan de blir behandlet.  

Om Søk & Skriv 

Søk & Skriv, https://sokogskriv.no, er laget for alle studenter som ønsker å lære mer om informasjonssøk og akademisk skriving, uavhengig av studiested og -emne. 

Formålet med behandlingen 

Søk & Skriv ber kun om persondata hvis du henvender deg til redaksjonen via vårt kontaktskjema. Disse persondata blir da innhentet og lagra inntil eposten slettes i redaksjonen: 

  • Navn 
  • E-postadresse 

Ingen sensitive personopplysninger blir samlet eller lagret.  

Besøksstatistikk 

Ulike handlinger (søk, oppslag osv.) blir sammenstilt og registrert for å kunne benyttes til statistikk. Dette blir gjort på en slik måte at ingen data kan spores tilbake til hver enkelt bruker. Statistikken blir lagra i inntil 36 måneder.  

Sikkerhetstiltak 

All datatrafikk i Søk & Skriv bruker kryptering over HTTPS. 

Rettane dine 

Rettane dine når det gjeld innsyn, retting og sletting samt kontaktpunkt for dette, er skildra i UiB si personvernerklæring

Handsamingssansvarleg 

Ved UiB er det i samsvar med føresegna i personopplysningslova § 2 nr. 4 universitetsdirektøren som har det overordna ansvaret for all handsaming av personopplysningar (sjå personvernerklæring for Universitetet i Bergen). 

Endringar i personvernerklæringa 

Universitetsbiblioteket i Bergen krev retten til når som helst å endre personvernerklæringa. Ei slik endring gjeld frå det tidspunktet ei oppdatert personvernerklæring blir publisert på denne nettstaden.