Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Grunnleggande urettferdig: val i ikkje-demokratiske regime

Svein-Erik Helle disputerer torsdag 15. juni 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Understanding the Uneven Playing Field: The Multifaceted Role of Unfair Electoral Competition in a Non-Democratic Regime”.

Ei aukande mengd land rundt om i verda held fleirpartival som formelt avgjer kven som sit med politisk makt. Samstundes finn ei aukande grad av desse vala stad under regime som ikkje er demokratiske. Eit viktig aspekt ved slike val er at dei ikkje er rettferdige, sidan dei som sit med makta nyttar den til å skaffe seg store fordelar med tanke på tilgang til ressursar, media og statlege organ. 

Avhandlinga fokuserer på ulike aspekt av rettferd ved val. Den første studien introduserer eit rammeverk for å måle grad av rettferd ved val og nyttar det til å dokumentere variasjon i kor rettferdige vala i Zambia var frå 1991 til 2011. Studien syner at grad av rettferd ikkje heng lineært saman med valresultat – opposisjonen vann eit mindre rettferdig val i 2011 enn dei tapte i 2006.

Dei fire resterande studiane ser på ulike aspekt av rettferd ved val i Uganda. Studiane syner mellom anna at sjølv om valdsbruk er ein naudsynt del av verktykassa til eit autoritært regime, så er mindre synlege måtar å skape økonomisk og fysisk usikkerheit meir effektive verkty for å påverke rettferd ved val. Vidare syner lokal variasjon i rettferd internt i Uganda at økonomiske og historiske forhold spelar ei viktig rolle med tanke på kva taktikkar som fungerer kor og når. 

Som heilskap aukar avhandlinga vår forståing av korleis autoritære regime nyttar fleirpartival til eiga vinning, og synleggjer både fordelane og utfordringane ved å nytte manipulasjon av rettferd ved val som overlevingsstrategi. 

Personalia
Svein-Erik Helle (f. 1984) har ei mastergrad i samanliknande politikk (2011) frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare jobba med forskingsprosjekt knytt til demokrati og menneskerettar ved Chr. Michelsen Institutt. Frå 2012-2017 har Helle vore stipendiat ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar for avhandlinga har vore professor Jonas Linde, og birettleiar professor Lise Rakner.