Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kritiske blikk på psykiatrien sin bruk av termen schizofreni

Helga Mannsåker disputerer fredag 8. september 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Schizofrene symptom og splitta sinn. Kritiske metonymi- og metaforanalysar av fagtermar knytte til diagnosen schizofreni i skandinaviske lærebøker i psykiatri».

Hovedinnhold

Alvorleg psykisk liding er forbunde med stigma. Kva rolle speler det psykiatriske vitskapsspråket for denne stigmatiseringa? I avhandlinga vert teoriar om metafor og metonymi nytta som verktøy for å kritisk undersøkja den psykiatriske fagtermen schizofreni og bruken av han i skandinaviske psykiatrilærebøker.

Termen schizofreni (‘splitta sinn’) vart lansert i 1908 som avløysar for termen dementia praecox (‘ungdomssløvsinn’). Begge termane er metaforiske, ved at orda splitta og sløv er nytta om noko heilt anna enn det dei refererer til i si opphavelege tyding. Lærebokanalysen viser at bytet frå dementia praecox til schizofreni førte til nye bruksmåtar og større bruksfrekvens, sidan schizofreni m.a. kunne avleiast til adjektivet schizofren, medan dementia praecox ikkje eigna seg til orddanning. Analysen viser òg at termbytet førte til ei dreiing av metaforbruken i lærebøkene frå «sløvskap» til «splitting» i omtalen av pasientane og sjukdommen. Det er ei vanleg feiloppfatning at schizofreni er lik «splitta personlegdom». Det psykiatriske fagfeltet diskuterer no om schizofrenitermen bør bytast ut, både fordi han er belasta, og fordi han er fagleg utdatert.

Adjektivet schizofren vert mykje nytta metonymisk i lærebøkene. Metonymi inneber å nytta eit ord om noko som står i tett samband med det ordet refererer til i si bokstavelege tyding. Uttrykk som «schizofrene symptom» er ein metonymi der eit aspekt ved sjukdommen schizofreni vert klassifisert som «schizofrent». Slike konstruksjonar gjer det mogeleg å omtala schizofreni utan å direkte referera til schizofrenidiagnostiserte menneske. På den andre sida kan adjektivet stå åleine, utan personrefererande substantiv, og referera til personar som har sjukdommen, i form av uttrykk som «schizofrene [menneske]», der ordet for ein eigenskap ved personen vert nytta metonymisk for å omtala heile personen. Her kan ein seia at personane er reduserte til sin eigen diagnose, og slike uttrykksmåtar kan føra til negative assosiasjonar.

Personalia
Helga Mannsåker (f. 1976) er oppvaksen i Odda i Hardanger. Ho er utdanna sjukepleiar ved Høgskolen i Bergen og har mastergrad i nordisk språk ved Universitetet i Bergen. For tida er ho tilsett som universitetslektor ved Universitetet i Bergen.