Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Resultatbasert finansiering og mor-barn-helse i Malawi

Jobiba Chinkhumba disputerar onsdag 21. februar 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Economic evaluation of Results based financing in Malawi-strengthening the evidence based for alternative maternal and perinatal healthcare funding"

Hovedinnhold

Det er ei nøkkelutfordring å identifisere strategiar som gir betre tilgang til essensielle helsetenester for gravide kvinner og nyfødde barn, spesielt for dei fattigaste. Resultatbasert finansiering til helsearbeidarar for å betre kvaliteten på omsorg ved fødsel for mor og barn er stadig meir vanleg i Afrika sør for Sahara. Likevel har vi lite kunnskap om effekten og kostnaden ved slike tiltak.

Avhandlinga studerer desse spørsmåla i tre ulike artiklar. Den første studien ser på nytten av å fremje fødsel på fødeklinikkar i regionen. Den viser at klinikkfødslar er assosiert med færre dødsfall for nyfødde. På den andre sida er klinikkfødslar assosiert med høgare dødelegheit for mødrene, truleg på grunna mangel på gode tenester for å handtere fødselskomplikasjonar.

Den andre studien ser på om resultatbasert finansiering bidreg til at kvinner med fødselskomplikasjonar mottek helsehjelp i tide, og kostnaden ved desse. Den viser at resultatbasert finansiering kan gi tidlegare tilgang til helsetenester, noko som kan gi betre helse dersom kvaliteten på tenestene er gode. Denne effekten er større på lengre enn på kortare sikt, mellom kvinnene med best utdanning, med fleire tidlegare fødslar, og når komplikasjonane er alvorlege. Den er mindre uformell samhandling med hushald som mottek støtte, noko som reduserer produktivitetstap og totale kostnadar for hushaldet.

Den tredje studien vurderer om bruk av knappe helsebudsjett på finansielle insentiv gir god verdi for pengane, og finn at det er meir sannsynleg at resultatbasert finansiering er kostnadseffektivt dersom viljen til å betale for helse er høg. Dette reiser spørsmål om tiltaket er berekraftig sidan det stort sett er bistandsfinansiert.

Personalia
Jobiba Chinkhumba er utdanna lege fra University College London and College of Medicine, Malawi. Han har også mastergrad i helseøkonomi frå University of St. Andrews, Scotland. Han er no ansatt som førelesar ved Department of Health Systems and Policy ved the University of Malawi. Hovudveileder har vært professor Bjarne Robberstad.