Hjem
Nye doktorgrader
Nye doktorgrader

Kan fiskeinntak betra blodsukker- og kolesterolregulering?

Linn Anja Slåke Vikøren disputerer måndag 26. februar 2018 for ph.d.-graden ved Universitet i Bergen med avhandlinga «Salmon and cod fillet consumption and effects on metabolic risk factors. Intervention studies in humans and rats with overweight and obesity».

Befolkningsstudiar tyder på at inntak av fisk kan redusera risiko for utvikling av hjartekarsjukdom og diabetes type 2. For å stadfeste desse samanhengane er det naudsynt å gjere studiar som undersøker om fiskeinntak kan ha direkte verknad på risikofaktorar for utvikling av hjartekarsjukdom og diabetes type 2, som høgt LDL-kolesterol, lågt HDL-kolesterol og høgt blodsukker. Målet med dette prosjektet var å undersøka om inntak av oppdrettslaks med lågt innhald av omega-3-feittsyrer og villfanga torsk kunne påverke blodsukkerreguleringa i friske vaksne personar med overvekt eller fedme, og kolesterolreguleringa i rotter med fedme.

Eit klinisk studie vart gjennomført i dette prosjektet, der 183 deltakarar åt anten laks, torsk eller magert kjøt til middag tre gongar i veka i tolv veker. I tillegg vart det gjennomført to rotteforsøk, der rottene fekk diettar som innehaldt laksefilet eller torskefilet i fire veker. 

Vi fann ikkje haldepunkt for at eit moderat inntak av oppdrettslaks med lågt innhald av omega-3-feittsyrer eller villfanga torsk påverka reguleringa av blodsukker i friske personar med overvekt eller fedme. I rotter med fedme gav inntak av både laks og torsk lågare kolesterolverdiar i blodet.

Personalia
Linn Anja Slåke Vikøren (f. 1986) kjem frå Rosendal i Hordaland, og tok utdanningane bachelor i human ernæring og master i klinisk ernæring ved Universitetet i Bergen (2011). Doktorgradsarbeidet har vore gjennomført ved Klinisk Institutt 2 under rettleiing av Dr. Oddrun Anita Gudbrandsen. Prof. Jutta Dierkes og Prof. Gunnar Mellgren har vore medrettleiarar.