Hjem

Nye doktorgrader

Ny doktorgrad

Reiseavstand og fødselstad påverkar utkome for mor og barn

Hilde Marie Engjom disputerer torsdag 15. mars 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Obstetric care in Norway – the role of institutions availability and place of delivery for maternal and perinatal outcomes».

Prøveforelesning og disputas vert og tilgjengeleg som nettoverføring.

Fødselshjelp omfattar både grunnleggande omsorg for foreldre og barn, og høgteknologisk overvaking og behandling. Mellom 1979 og 2009 vart talet på fødeinstitusjonar i Norge redusert frå 95 til 51. Vi nytta data frå Medisinsk Fødselsregister (MFR) og Statistisk sentralbyrå til å studere korleis tilgang til fødeinstitusjon og fødselsstad påverkar utkome for mor og barn.

Vi fann at tilgang til fødeinstitusjon vart redusert. Andelen kvinner mellom 15 og 45 år som hadde meir enn ein times reiseavstand auka med 10 % frå 2000 til 2010. Talet på fødeinstitusjonar med akuttfunksjon vart lågare enn tilrådinga frå Verdas Helseorganisasjon. På landsbasis vart risiko for ikkje-planlagt fødsel utanfor institusjon dobla frå 1979-83 til 2004-09.

Det var låg risiko for at barnet døydde under fødsel eller første levedøgn i fødeinstitusjonane, og retningslinjene for overflytting av kvinner med risikofaktorar vart følgde. Samanlikna med institusjonsfødslar var risiko for at barnet døydde i samband med fødselen tredobla ved ikkje-planlagt fødsel utanfor institusjon.

Frå 2000 til 2009 auka registrerte komplikasjonar hos mor. Vi undersøkte difor alvorlege komplikasjonar ved svangerskapsforgiftning som er kvalitetssikra av MFR; eklampsi (kramper) og HELLP (redusert blodprosent, leverfunksjon og blodplater). Disse tilstandene krever tett overvaking og forløsning. Vi fant at førstegangsfødande kvinner med reiseveg >1 t hadde auka risiko for eklampsi og HELLP. Risikoen auka og hos nokre grupper fleirgangsfødande. Kvinner med kjent risiko fødte ved større akuttinstitusjonar,, tilstandene forekom uforutsett ved alle typar fødeinstitusjonar.

Studiene viser at det er nyttig å bruke nye digitale verkty saman med tradisjonelle registerstudier. Funna talar for at kyndig hjelp under fødsel og tilgang til fødeinstitusjon er viktig for alle kvinner. Dette bør inngå i planlegging og overvaking av fødselsomsorga. Vi treng betre kunnskap om andre alvorlege fødselskomplikasjoner hos mor og om sykdom og dødsfall hos nyfødte etter første levedøgn.

Personalia
Hilde Marie Engjom (f 1974) tok medisinsk embetseksamen i Bergen i 2000 og arbeider som lege ved Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus. Veiledere: Kari Klungsøyr, Nils-Halvdan Morken, Ole Frithjof Norheim