Hjem
Nye doktorgrader

Nanostrukturerte optiske element

Ranveig Flatabø disputerer 31. august 2018 for ph.d graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Charged particle lithography for the fabrication of nanostructured optical elements».

Hovedinnhold

Nanofabrikasjon omhandlar framstilling av strukturar med ein eller fleire dimensjonar på nanonivå. Ein nanometer svarar til ein milliarddels meter (i.e. 10-9 m). Nanofabrikasjon gjer det mulig å studere fysiske og kjemiske fenomen som oppstår når material-dimensjonar når nanoskalaen, og er allereie ein viktig del av dei teknologiske hjelpemidla vi omgir oss med.

I denne avhandlinga vert elektronstråle- og helium ion litografi nytta for å fabrikkere nanostrukturar. Denne typen litografi kan samanliknast med å teikne med ein veldig skarp penn av elektron (eller helium ion) på eit substrat. Ein kan teikne alle mulige mønster på substratet, men di finare (tettare) og mindre mønster ein lagar, di lengre tid vil prosessen ta. Målet med avhandlinga er å studere og bruke litografi til å utvikle nye nanostrukturerte optiske element (e.g. nanostrukturerte linser). Fokuset har vore å fabrikkere plasmoniske nanostrukturar av metall og optiske element for materie bølgjer, samt å bidra til instrument utvikling og karakterisering av nanostrukturar.

Avhandlinga beskriv at det kan vere mulig å fokusere nøytrale helium atom til eit punkt med diameter 15 nm, samt korleis ein raskt kan endre oppløysinga i eit fokuserande helium atom mikroskop. Den diskuterer optiske eigenskapar til metalliske nanostrukturar som funksjon av fabrikasjon, og beskriv karakterisering av isolerande material ved hjelp av sveip elektron mikroskopi (SEM).

Personalia

Ranveig Flatabø er født i 1989 og kjem frå Voss. Ho har ein bachelorgrad i nanotekenologi frå Universitet i Bergen (2012), og ein mastergrad i nanovitskap frå Universitet i Bergen (2014). Frå oktober 2014 har ho vore ph.d-stipendiat under rettleiing av Prof. Bodil Holst og Dr. Martin M. Greve i nanofysikk gruppa ved Institutt for fysikk og teknologi.