Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Sjangermønster i eksamensoppgåver og læremiddel for engelskfaget

Sigrid Johanna Håheim Ørevik disputerer onsdag 9. januar for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Mapping the text culture of the subject of English: Genres and text types in national exams and published learning materials.

Innhold

Undervisning, læring og testing i fellesfaget engelsk gjer i stor grad bruk av tekstar både til resepsjon (lesing, studium) og produksjon (skriving, tekstskaping). Sidan norske læreplanar gir valfridom i høve til undervisningsmåtar, læringsvegar og læremiddel i engelskfaget, er utvalet av tekstsjangrar som kan brukast til resepsjon og produksjon i faget i prinsippet uavgrensa. Publiserte læremiddel og nasjonalt utarbeidde eksamensoppgåver vil likevel leggja visse føringar for sjangerrepertoaret i engelskfaget og såleis danna viktige premiss for faget sin tekstkultur. Grunngjevinga for Ørevik sitt PhD-prosjekt er at ulike trekk ved tekstkulturen i engelskfaget kan ha ulike potensial for mediering av læring. Kunnskap om denne tekstkulturen vil difor ha verdi som bakgrunn for kritisk utval og vurdering av tekstar og oppgåver i arbeid med språklæring.

Ørevik si forsking har brukt tekstar og skriveoppgåver i eksamenssett, lærebøker og digitale nettsider som empirisk materiale for å skildra sentrale delar av tekstkulturen i engelskfaget. Forskinga hennar inneheld både kvantitative og kvalitative element og byggjer på teori innanfor felta sjanger, retorikk, skrivedidaktikk, systemisk-funksjonell lingvistikk og multimodalitet. Ein kvantitativ studie har undersøkt mønster av sjangrar og teksttypar i trykte og digitale læremiddel publiserte for engelskfaget, der sjanger er definert ut frå kontekst og bruk (t.d. introductory text) og teksttype er definert ut frå retoriske kriterium (t.d. descriptive). Resultat viser mellom anna at trykte læremiddel er dominerte av lesesjangrar kjenneteikna av deskriptiv og narrativ teksttype, medan sjangrar representerte i skriveoppgåver til eksamen oftast er prega av analytiske teksttypar. Kvalitative analysar av tekst- og oppgåveeksempel frå hyppig forekommande sjangrar viser at ulike lese- og skrivesjangrar plasserer eleven i lesar- og skrivarroller som opnar for ulik grad av respons og sjølvstendig engasjement. Ørevik argumenterer for at publiserte læreverk for engelskfaget bør presentera eit meir allsidig utval av tekstar til resepsjon for å bidra meir effektivt til å fremja eleven si utvikling av tekstkompetanse og skriveferdigheiter. Ho meiner også at ei kritisk, analytisk tilnærming til tekstar bør få ein større plass i språkfag, både i høve til tekstar publiserte i læremiddel og tekstar frå andre trykte og nettbaserte kjelder som medierer læring i engelskfaget.

Personalia

Sigrid Johanna Håheim Ørevik har master i engelsk sosiolingvistikk frå Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som lektor ved Sandsli vidaregåande skole i Bergen. I 2012 vart ho tilsett som stipendiat, og frå 2016 har ho hatt stilling som førsteamanuensis i engelsk fagdidaktikk ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen.