Hjem

Nye doktorgrader

Ny doktorgrad

Modifiserte polymerer for auka oljeutvinning

Alette Løbø Viken disputerer fredag 25. januar 2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Viscosity and Viscoelastic Properties in Hydrophobically Modified Polymers for Enhanced Oil Recovery».

I dag er olje og gass hovudenergikjelder, og sidan tradisjonelle produksjonsmetodar berre utvinn om lag ein tredjedel av oljen i reservoara treng ein betring av metodar. Teknikkar for auka oljeutvinning (EOR) har vore viktige for å utvikle ein meir effektiv utvinningsprosess og auke oljeproduksjonen. Injeksjon av kjemikalie som til døme polymerar er ein EOR metode som blir brukt for å auke oljeproduksjonen i produserande felt. Polymeren hydrolysert polyakrylamid (HPAM) er mykje nytta i oljeindustrien, men har nokre utfordringar i bruk, mellom anna tap av viskositet ved salt tilstade i injeksjonsvatnet. Høg viskositet er viktig for å maksimere effekt av injeksjonsvatn.

I doktorgradsarbeidet studerast potensialet til hydrofobe modifiserte variantar av HPAM (HMPAM) med tanke på auka oljeutvinning, og samanlikna med tradisjonell HPAM. Hydrofobe grupper er kjedar, ofte av hydrokarbon som dannar bindingar seg imellom. Ein av fordelane ved desse bindingane, er at dei ikkje blir påverka av lada ion og dermed motverkar den negative effekten t.d. salt har på polymerane. Dei modifiserte polymerane har grunna desse eigenskapane vist seg å ha stort potensiale innan EOR. Arbeidet har bestått av eksperimentelt arbeid der ulike HMPAM har blitt vurdert ut frå mengde hydrofobe grupper, og samanlikna opp mot tradisjonell HPAM.

Hovudresultata har vist at ved å krysse ein terskelverdi av mengde hydrofobe grupper tilstade i polymeren vil ein få ein polymer som er meir tolerant for ytre påverknadar.

Personalia

Alette Løbø Viken (f.1987) er fødd og oppvaksen i Førde. Ho har mastergrad i fysikalsk kjemi frå Universitetet i Bergen. Sidan 2012 har ho arbeidd på doktorgradsarbeidet saman med sine rettleiarar førsteamanuensis Kristine Spildo, Dr. Tormod Skauge og professor Anne Marit Blokhus.