Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Arbeidarkroppen – ein produktiv inngang til arbeidarlitteraturen

Ingrid Nestås Mathisen disputerer fredag 18. januar på avhandlinga «Arbeidarkroppen. Individ og kollektiv i Nini Roll Ankers og Kristofer Uppdals prosa».

Innhold

Nini Roll Anker (1873–1942) var godseigarfrue, medan Kristofer Uppdal (1878–1961) mellom anna livnærte seg som rallar. Men begge har skrive arbeidarlitteratur, Roll Anker med samlinga Lil-Anna og andre (1906) og romanen Den som henger i en tråd (1935), og Uppdal med romansyklusen Dansen gjennom skuggeheimen, der romanane Stigeren (1919) og Trolldom i lufta (1922) inngår i. Litteraturen deira syner fram opplevinga av å arbeida fysisk på fabrikkar og bruk, i gruver og på anlegg. Forfattarane skildrar svolt, sjukdom og død, men også gleda av å nytta kroppen i arbeid. I avhandlinga finn Mathisen at arbeidarkroppen vert utgangspunktet for å fortelja om den einskilde arbeidars tilvære, men kan òg syna fram felles vilkår i arbeidarklassen. Kroppsperspektivet løfter fram dei eksistensielle utfordringar for arbeidarane samstundes som kroppen er ein vesentleg faktor i romanpersonanes utviklings-, endrings- og oppvakningsprosessar.

Uppdals og Roll Ankers litteratur om arbeidarklassens tilhøve, undertrykking og kamp er skrive under industrialiseringa som skjer i Noreg ved overgangen til 1900-talet. Det er ei sosial og økonomisk så vel som ei politisk omvelting som kjenneteiknar samfunnet, og som har store konsekvensar for arbeidaren som individ og arbeidarklassen som kollektiv. Mathisen vektlegg at kroppen er ein vesentleg del av arbeidarens identitet, og at denne individualiteten tidvis vert utfordra og tidvis berga av arbeidarkollektivet. Å vera ein del av fellesskapet vert skildra som ei oppleving av å vera eitt med dei andre, eller å vera ein del av den same kroppen. Ei slik oppleving vert skrive fram som ein føresetnad både for framdrifta i arbeidet, for å overleva i arbeidarmiljøa og for å makta å handla politisk.

Avhandlinga varslar om ei fornya interesse for spørsmål om litteratur og klasse i norsk litteraturforsking, og skriv seg også inn i pågåande aktualisert arbeidarlitteraturforsking i dei nordiske landa.

Personalia

Ingrid Nestås Mathisen (f. 1986) er frå Voss og har master i nordisk språk og litteratur frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitet i Bergen, der ho òg har tatt doktorgraden.