Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Behandling av tvangsliding hjå ungdom: Det konsentrerte formatet

Eili Nygard Riise disputerer 12.03.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Concentrated exposure and response prevention for obsessive-compulsive disorder in adolescents: the Bergen 4-day treatment».

Innhold

Tvangsliding eller OCD (Obsessive Compulsive Disorder) rammar 1-3% av barn og ungdom. Det er ei liding prega av tilbakevendande og ubehagelege tvangstankar og/eller tvangshandlingar. Dei som er plaga strevar ofte med å fungere på skulen og sosialt, og symptoma kan sette heile familien ut av spel.

Kognitiv åtferdsterapi med eksponering og responsprevensjon (ERP) er den anbefalte behandlinga. ERP har vist seg å vera nyttig i mange ulike format, blant anna når behandlinga vert gitt meir konsentrert. Ved OCD-teamet for barn og ungdom i Helse Bergen vert ERP-behandlinga gitt konsentrert over fire påfølgjande dagar, i tråd med The Bergen 4-day treatment.

Riise har i tre av artiklene brukt resultat frå den integrerte kvalitetssikringa som har hatt som formål å monitorere og evaluere det kunnskapsbaserte behandlingstilbodet ved OCD-teamet. Resultata synte at omlag 90% av pasientane responderte på behandlinga og at fråfallet var på berre 3%. Faglitteraturen viser at ca 70% normalt sett responderer på ERP-behandling og resultata frå OCD-teamet er difor oppløftande. Resultata viser og at familiane har nytte av behandlinga.  Den fjerde artikkelen er ei kunnskapsoppsummering av kognitiv åtferdsterapi og medikamentell behandling av OCD hjå barn og ungdom.

Personalia

Eili Nygard Riise (f. 1982) frå Vik i Sogn er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen (2011). I 2012 byrja ho som stipendiat i dobbelkompetanseprosjektet; eit rekrutteringsprogram som gjev både spesialistgodkjenning og doktorgrad. Stipendiatet har vore tilknytta Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet. Rettleiarar har vore førsteamanuensis Bjarne Hansen, professor Gerd Kvale og professor emeritus Lars-Göran Öst. I den kliniske delen av stillinga har Eili Nygard Riise tidlegare jobba i Helse Bergen (PBU), og fullfører no spesialiteten i barne- og ungdomspsykologi i Helse Førde.