Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Røyking fører til redusert diffusjonskapasitet i lungene

Michael L. Storebø disputerer 13.03.2019 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Diffusing capacity of the lung for carbon monoxide – Variability and longitudinal changes over nine years".

Innhold

Gassutveksling i lungene forsyner blodet vårt med oksygen, og lar oss kvitte oss med karbondioksid som vert produsert i kroppen. Måling av lungene sin diffusjonskapasitet for karbonmonoksid (DLCO) er den mest brukte målemetoden for å kvantitere gassutvekslinga, og er ei sentral undersøking i lungeutgreiing i spesialisthelsetenesta.

Ei av utfordringane når undersøker pasientar ved hjelp av DLCO-måling, er at variabiliteten i resultata er større enn ved andre lungefunksjonstestar. I tillegg har ein avgrensa kunnskap om korleis DLCO-verdiar normalt endrar seg gjennom livsløpet, noko som gjer det utfordrande å tolke endring i DLCO hjå pasientar med lungesjukdom. Ein veit også lite om kva endring i DLCO fører til av symptom, som til dømes tungpust.Ein av faktorane som påverkar variabiliteten i DLCO-målingar, er fysisk aktivitet i forkant av undersøkinga. Foreløpig forstår ein ikkje fullt ut mekanismane som ligg bak.

I avhandlinga undersøkte ein om utviding av blodårene i huda, som ledd i temperaturregulering etter fysisk aktivitet, kunne bidra til reduksjon i blodvolumet i lungene, og dermed spele inn på gassutvekslinga. Funna som vart gjort, avkrefta at så var tilfelle. Imidlertid var dette det fyrste eksperimentet om DLCO etter fysisk aktivitet som inkluderte kvinner, og ein fann ein kjønnsskilnad som er verd å undersøke vidare.

I avhandlinga tok ein også føre seg utviklinga i DLCO over ein periode på 9 år i eit tilfeldig utval av folkesetnaden i Hordaland, samt om endring i DLCO fører til endring i tungpust. Ein observerte eit fall i DLCO som akselererte med høgare alder. Vidare viste det seg at dei som røykte hadde eit raskare fall i DLCO enn ikkje-røykjarar, og at jo meir ein røykte, dess raskare var fallet, noko som ikkje har vore vist i tidlegare folkesetnadsundersøkingar.Reduksjon i DLCO viste seg å vere assosiert med auke i tungpust, men berre hjå menn. Til slutt var det slik at eit fall i DLCO påverka tungpust hjå eldre personar i større grad enn yngre.

 

Personalia

Michael L. Storebø vart fødd i 1981 i Bergen. Han er utdanna cand.med. med forskarline frå Universitetet i Bergen, og var tilsett ved Haukeland universitetssjukehus fram til 2015. Storebø bur no i Ørsta, og jobbar som lækjar på Ålesund sjukehus. Doktorgradsarbeidet vart utført ved Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus og Klinisk institutt 2 ved Det Medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, med stipend frå Helse Vest. Professor Einar Thorsen og professor Per Bakke var rettleiarar.