Hjem

Nye doktorgrader

Ny doktorgrad

Kulturlandskap under press på vestlandet

Jan Håkon Vikane disputerer 23.04.19 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: "Predicting decline of threatened species, invasiveness of alien species, and invasibility of semi-natural habitats: A case study from threatened coastal heathlands and semi-natural grasslands in western Norway".

Kystlynghei og slåttemarker er kulturlandskap som har blitt skjøtta gjennom sviing, beiting og slått over lang tid. Opphøyr av drift har ført til at begge naturtypane i dag er truga av gjengroing, og i kystlynghei er invasjon av framande treslag blitt eit auka trugsmål. I dei tradisjonelle slåttemarkene har opphøyr av drift ført til endringar i miljøet, i tillegg til at klimaendringar legg eit ytterlegare press på mange planteartar. Auka fokus på ivaretaking av desse raudlista naturtypane har gjort det nødvendig å finne ut kva som driv spreiinga av sitkagran i kystlynghei, korleis planteartar i slåttemark er påverka av endringar i miljøet og effekten av framande bartre.

Vikane har ved hjelp av populasjonsdynamiske modellar undersøkt kva som er viktige drivarar bak spreiinga av det framande treslaget sitkagran (Picea sitchensis). Vidare har Vikane undersøkt i kva suksesjonsfase etter brann er det at sitkagran etablera seg best i kystlynghei. Dette er fylgt opp av eit studie der Vikane nyttar populasjonsdynamiske modellar til å undersøke korleis endringar i miljøet påverkar populasjonsvekstraten til den raudlista arten solblom (Arnica montana) i slåttemarker. Til slutt gjer Vikane eit studie der han undersøker om det er forskjell i talet planteartar på små øyar invadert av anten buskfuru (Pinus mugo) eller furu (Pinus sylvestris).

Studiet til Vikane syner at sitkagran allereie i ein tidleg etableringsfase har levedyktige populasjonar, men at frø frå plantefelta bidreg til ein ytterlegare auke i populasjonsveksten. Studiet syner også at sitkagran kan etablere seg i alle suksesjonsfasar etter brann. I studiet av solblom i slåttemarker finn Vikane at arten i stor grad vedvara i habitatet etter at drifta har opphøyrt, men at auka nedbør påverkar arten negativt. Vidare finn Vikane at talet på planteartar er større på øyar invadert av buskfuru enn furu, mest truleg på grunn av ein meir einsarta vegetasjon i furuskogar.

Personalia

Jan Håkon Vikane er fødd i 1976 og kjem frå Ålvik i Hardanger. Han tok mastergrad i planteøkologi ved Universitetet i Bergen i 2007 og har sidan hatt ulike stillingar innanfor forsking og undervisning inntil han i 2016 vart tilsett ved Høgskulen i Volda. Doktorgradsprosjektet har vore finansiert av Noregs Forskningsråd. Rettleiarar er Ole Reidar Vetaas (UiB) og Vigdis Vandvik (UiB).