Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Komplikasjonar lenge etter Giardia-utbrotet i Bergen i 2004

Sverre Litleskare disputerer 22.08.19 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Long-term complications following an outbreak of giardiasis".

Avhandlinga syner at mange av pasientane som vart råka av Giardia-smitte i Bergen i 2004 har komplikasjonar så lenge som ti år seinare. Studiane og doktorgradsavhandlinga bidreg til auka forståing av sokalla medisinsk uforklarte plager.

I 2004 vart vasskjelda Svartediket forureina med parasitten Giardia lamblia. Svartediket forsyner store delar av Bergen sentrum med drikkevatn, og kanskje så mange som 5000 personar vart sjuke med mageinfeksjon. Sverre Litleskare med medforfattarar har i tre vitskaplege studiar ved bruk av spørjeskjema påvist høgare førekomst av langtidskomplikasjonar blant 1252 pasientar som fekk påvist parasitten i avføringsprøvar, samanlikna med ei gruppe personar frå Bergen som ikkje hadde slik smitte.

Studiane viste at gjennomgått infeksjon hadde samanheng med opplevd matintoleranse tre år seinare. Intoleranse mot mjølkeprodukt var nemnd hyppigast. Vidare fann ein at 43% med tidlegare infeksjon hadde mageplager sams med irritabel tarmsyndrom ti år seinare, medan 14% blant dei som ikkje var smitta hadde slike plager. Det vart også spurt om kronisk utmatting, ein tilstand som ikkje må forvekslast med diagnosen kronisk utmattingssyndrom. Her var tala 26% blant dei med gjennomgått infeksjon og 11% blant dei utan. Førekomsten av irritabel tarmsyndrom var stabil frå seks til ti år blant dei med gjennomgått infeksjon, medan den sank for kronisk utmatting. Hjå gruppa utan gjennomgått infeksjon var førekomsten av begge tilstandar uendra i perioden. Personar med gjennomgått infeksjon hadde noko lågare livskvalitet enn dei utan, ti år seinare. Det såg ut til at den lågare livskvaliteten i stor grad var forklart av samtidig førekomst av irritabel tarmsyndrom og spesielt kronisk utmatting.

Personalia

Sverre Litleskare (f.1983) tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 2011. Han er under spesialisering i allmennmedisin og for tida sjukeheimslege i Bergen kommune. Doktorgradsarbeidet utgår frå Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen. Litleskare er òg tilknytt Allmennmedisinsk forskningsenhet, NORCE Norwegian Research Centre. Hovudrettleiar har vore professor Guri Rørtveit ved Universitetet i Bergen, medrettleiar har vore Knut-Arne Wensaas, forskar II ved NORCE Norwegian Research Centre.