Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Nye metodar for behandling av hjernemetastaser

Synnøve Nymark Aasen disputerer 13.09.19 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Treatment strategies for experimental melanoma brain metastases".

Førekomsten av føflekkreft (malignt melanom) aukar både i Norge og på verdsbasis. Dersom føflekkreft ikkje vert oppdaga tidleg i vekstfasen, kan kreftcellene spreie seg til hjernen og danne metastaser (sekundærtumorar), som er assosiert med høg dødelegheit. Behandlingstilboda pasientane får i dag er monaleg forbetra samanlikna med tradisjonelle metodar. Trass i dette, er prognosen framleis dårleg for pasientgruppa og nye behandlingsmetodar tarvst.

I dette prosjektet har vi nytta ulike metodar for å meistre kreftspreiinga: Innleiingsvis vurderte vi gjennom preliminære forsøk med cellekultur om ein glykogen-nanoprobe konstruert med to kontraststoff kunne nyttast i melanomceller. Vidare freista vi å auke leveringa av ein effektiv droge til hjernemetastaser i mus ved bruk av eit syntetisk peptid kalla K16ApoE. Etter kartlegging av gensignaturen til melanomceller, fann vi at plantesterolet β-sitosterol er effektivt mot hjernemetastaser ved å stagge signalvegar inne i cellene. Til slutt evaluerte vi om å kombinere to ulike målretta terapeutiske stoff som tidlegare har vore evaluert på andre krefttyper var meir effektivt enn kvart stoff for seg sjølv i metastatiske melanomceller frå hjernen.

Våre resultat viser at det er utfordrande å behandle spreiing av føflekkreft til hjernen, men at det finst fleire mekanismar relatert til cellene som kan verte utnytta i behandlingssiktemål. Vidare forsøk er naudsynte for å evaluere om nokon av desse strategiane kan verte implementert i klinikken.

Personalia

Synnøve Nymark Aasen (f. 1988) kjem frå Sykkylven på Sunnmøre, er utdanna radiograf frå Høgskulen i Bergen i 2011 og har ein mastergrad i biomedisinsk biletvitskap frå Universitetet i Bergen frå 2014. Doktorgradsarbeidet har vore utført ved Institutt for Biomedisin frå 2016 under rettleiing av professor Frits Thorsen, samt medrettleiarar Terje Sundstrøm og Rolf Bjerkvig. Prosjektet var finansiert av Helse Vest.