Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Diabetes i sjukeheimar - undervurdert og overbehandla

Lillan Mo Andreassen disputerer 20. september 2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Diabetes in care homes. Special emphasis on medicines and blood glucose measurements”.

Avhandlinga syner at sjukeheimsbebuarar med diabetes er utsett for overbehandling med medisinar generelt og diabetesmedisinar spesielt. Trass i at ein av seks sjukeheimsbebuarar har diabetes, manglar ofte retningslinjer og opplæring til å trygge helsepersonellet i oppfølginga av desse pasientane. Konsekvensane kan då bli ein auka risiko for feilmedisinering, biverknader, dårlegare livskvalitet og for tidleg død.

Diabetes er ein kompleks sjukdom som oftast medfører bruk av fleire medisinar og behov for tett oppfølging av blodsukkernivåa. I sjukeheimar vil oppfølging av diabetes vere særskilt krevjande, grunna nedsett funksjonsevne, inkludert demens, høg grad av sjukelegheit og kort forventa levetid.

Andreassen og medarbeidarar har gjennom tre studiar undersøkt førekomst og medisinsk behandling av diabetes hos sjukeheimsbebuarar i Noreg og England. Undersøkingane inkluderte analysar av bebuarane sine medisinlister og blodsukkerverdiar, samt gruppeintervju av legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar om praksis for blodsukkermålingar og oppfølging av bebuarar med diabetes.

Studiane fann ein diabetesførekomst i sjukeheimar på 16 % i Noreg og 13 % i England. Overbehandlinga blant bebuarane med diabetes kom til uttrykk blant anna ved at seks av ti bebuarar i norske sjukeheimar hadde farleg låge blodsukkerverdiar, og for 45 % av bebuarane tilsa verdiane at ein bør vurdere å fjerne eller redusere diabetesmedisinane. I engelske sjukeheimar brukte ni av ti bebuarar potensielt upassande medisinar, og ein sjukeheimslege vurderte det føremålstenleg å avslutte eller tenkje på å avslutte høvesvis 39 % og 60 % av desse medisinane.

Sjølv om helsepersonellet i sjukeheimane var kjend med utfordringane diabetes inneber og hadde fokus på dei særskilte behova til bebuarar med diabetes, var dei somme gonger utrygge i vurderinga av diabetessymptom. Dette førte blant anna til hyppige blodsukkermålingar, trass i at helsepersonellet ønskja å minimere målingane av omsyn til pasientane.

Personalia

Lillan Mo Andreassen (f. 1985) er oppvaksen i Sauda og utdanna farmasøyt frå Universitetet i Bergen (UiB) i 2009. Ho arbeidar no ved Regionalt legemiddelinformasjonssenter (RELIS) Vest. Forskinga er utført ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB, og i samarbeid med School of Pharmacy, University of East Anglia. Hovudrettleiar har vore Reidun L. S. Kjome, medrettleiarar har vore Una Ø. Sølvik, Gunn B. B. Kristensen og Sverre Sandberg. Arbeidet er finansiert av Noregs forskingsråd.