Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis kan ein forstå improvisasjon som lærardugleik?

Øystein Røsseland Kvinge disputerer fredag 18.10.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Presentation in teacher education. A study of student teachers’ transformation and representation of subject knowledge using semiotic technology.”

Denne studien går føre seg i lærarutdanninga kor Kvinge undersøker lærarstudentar sine presentasjonar i ulike fag for sine medstudentar. Eit teoretisk utgangspunkt er det ein reknar som ei særskilt form for kunnskap som lærarar har. Denne vert kalla Pedagogisk fagkunnskap, og femnar m.a. om det å tilpasse og framstille fagstoff på forståeleg vis til den som skal lære noko. Gjennom tre ulike tilnærmingar undersøker Kvinge presentasjonen som læringsaktivitet i lærarutdanninga.

Den fyrste undersøkinga skildrar tilhøvet mellom lærarstudenten som presenterer og den visuelle presentasjonen, td. Powerpoint slides. Videoanalyse syner at formidla meining kjem til uttrykk gjennom eit samspel mellom ulike ressursar, t.d. munnleg språk, skrift, kroppslege gestar, bilete og illustrasjonar. Ei viktig side ved denne delstudien, er at den gir ei teoretisk framstilling av korleis kunnskap vert konstruert «live» i det som kan kallast ei multimodal hending.

Den andre studien går nærare inn på kva som kjenneteiknar presentasjonen som ei «live-hending». Her importerer Kvinge omgrepet improvisasjon frå musikkfeltet for å skildre tilhøvet mellom det som er førebudd, td. Powerpoint slides, og det som vert tilført eller omarbeida i sjølve framføringa. Fokuset i denne delstudien er måten improvisasjon er lånt som teoretisk konsept frå jazz for å tilby forklaring av ein utbreidd undervisningspraksis.

Den siste delstudien undersøker korleis studentane gjennom sine presentasjonar frå praksisopphald, skapar ulike uttrykk av kva som er profesjonell lærardugleik. Datamaterialet dannar grunnlag for ein diskusjon av korleis profesjonsforståing i lærarutdanninga  både kviler på perspektiv formidla frå campus og studentane sine eigne kunnskapsrepresentasjonar.  

Samla framstiller studien eit syn på kunnskap som noko som vert aktivt konstruert av lærarstudenten, gjennom ulike teiknsystem, under påverknad av dei normene og rammene som gjeld for læringsaktiviteten.  

Personalia

Øystein Kvinge (f. 1972) er tilsett ved HVL kor han underviser på masterstudiet i musikkpedagogikk i Bergen, og i kreative læreprosessar på Stord. Han underviser også i musikkdidaktikk og laptop som hovudinstrument ved faglærarutdanninga i musikk. Hovudrettleiar ved avhandlinga var professor Kari Smith (NTNU), og bi-rettleiar var professor Magne Espeland (HVL). Studien er ein del av forskingsprosjektet ‘Improvisation In Teacher Education’, som vart utført ved tidlare HSH med støtte frå Norsk forskingsråd.