Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Politiske nettverk i Noreg på 1100- og 1200-talet

Bente Opheim Brathetland disputerer fredag 15. november for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Nettverksmakt – Sosiale band og nettverk i dei norske innbyrdesstridane 1130-1208».

Avhandlinga undersøker korleis ein ved å studere dei sosiale nettverka i eliten i Noreg på 1100- og 1200-talet kan kaste lys over det mykje diskuterte spørsmålet om kva som forårsaka dei intense konfliktane (innbyrdesstridane) som karakteriserer denne perioden i norsk historie. Under innbyrdesstridane var det ofte fleire rivaliserande kongsemne samstundes som kjempa om makta ved hjelp av lojale støttespelarar i eliten. Gjennom å studere kongsemna sine nettverk i eliten, kva for slektskapsband som knytte dei saman og kva for alliansar som vart inngått, meiner Brathetland at vi kan seie noko om kva for interesser som stod på spel, og dermed også kva som var årsakene til konfliktane.

Brathetland etablerer kunnskap om aktørane sine nettverk metodisk gjennom prosopografi. Ved å registrere personopplysningar, hovudsakleg i sagalitteratur, freistar ho å identifisere hovudaktørane sine nettverk og dei stridande gruppene si samansetjing, ressursgrunnlag og relasjonar. Teoretiske perspektiv på nettverk, felt, slektskap og vennskap blir diskutert med utgangspunkt i framstillingar av politisk kultur i sagalitteraturen.

Avhandlinga konkluderer med at konfliktane oppstod i ein situasjon der elitens politiske handlingsrom vart innskrenka. Freistnader på å etablere einekongedømme favoriserte dei av elitens medlemmer som hadde sterkast nettverksrelasjonar til kongsemnet. Konkurrerande kongsemne vart lanserte som ein motreaksjon frå andre av deler av eliten. Nokre av nettverka ser ut til å ha vore relativt stabile over tid, styrka av ekteskapsalliansar og kulturelle normer som blodhemn. Avhandlinga løftar fram dei kyrkjepolitiske stridsspørsmåla sterkare enn det har vore vanleg, og legg også vekt på dei over-nasjonale dimensjonane ved elitens politiske felt.

Personalia

Bente Opheim Brathetland er vaksen opp på Voss, og har ein cand.philol.-grad i historie frå Universitet i Bergen. Ho har vore tilsett ved Høgskulen på Vestlandet sidan 2004. Doktorgraden er knytt til AHKR ved UIB og rettleia av professor Geir Atle Ersland.