Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Evolusjonært perspektiv på korleis augene har utvikla seg innan annelidar

Suman Kumar disputerer 25.11.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: "Evolutionary and developmental perspective on annelid eye and nervous system: Insights from Malacoceros fuliginosus".

Auga er eit sanseorgan med ekstrem diversitet i dyreriket, som mange dyr utnyttar for visuelle funksjonar. Annelidar er eit eksempel på ei type dyregruppe beståande av evertebratormar som vanlegvis har eitt eller fleire par auge med varierande kompleksitet. Målet i denne oppgåva var å få ei innsikt i det evolusjonære perspektivet på korleis augene utvikla seg innan annelidar. Med dette som utgangspunkt, studerte eg auga til ein sedimentær annelid, Malacoceros fuliginosus, og samanlikna med auga til Platyneris dumerilii, ein annan modellorganisme. Resultata demonstrerte fleire fellestrekk mellom dei to artane, og gav dermed rettleiing i korleis organiseringa av auget var i sedimentære stamfedre, blant anna i annelida sin stamfar.

Ved screening for å finne opsintypar i M. Fuliginosus, vart det identifisert ein nyleg klassifisert opsintype, kalla xenopsin, i tillegg til flyktig c-opsin. Dette var eit eineståande resultat, då ein tidlegare hadde trudd at desse opsina ikkje kunne opptre saman. Medan c-opsin vert utrykt i ikkje-okkulære celletypar, vert xenopsin utrykt i auget sine fotoreseptorar. Nærmare studering i elektronmikroskop openberrar eksistensen av tydeleg cilium, i tillegg til tettpakka microvilli. Dette studiet fokuserte vidare på betydninga av xenopsin og c-opsin i evolusjon av auga i protostomar og deuterostomar.

Korleis nervesystemet utvikla seg i evolusjonen, er ikkje heilt oppklart. Eg studerte den tidlege utviklinga av nervesystemet til M. Fuliginosus, der eg fokuserte på nevrona som gjev opphav til det primære nervesystemet. Først avdekka eg pionérnevron som legg grunnlaget for nervesystemet i larva. Deretter identifiserte eg nevrogenetiske signalvegar som gjeld for dei fleste nevronar, bortsett frå dei bakre pionérnevrona. Dette har avdekka ein spesiell variant av utvikling for pionérnevrona i det ventrale nervesystemet, og slik representerer det eit viktig samanlikningsgrunnlag for nervesystem på tvers av ulike taxa.

Personalia

Eg studerte molekylærbiologi og bioteknikkar under mitt bachelor og masterstudie. Masteroppgåva mi handla om utvikling av musehjernen, og underveis i dette arbeidet vart eg svært interessert i evolusjonær nevrobiologi. Eg vart med i Hausen si gruppe for å lære meir om evolusjon av sanseorgan og nevrale strukturar i marine annelidar. Eg vart fødd 24. oktober, 1985 i Bengaluru, India. Masteren min i genetikk tok eg i Finland, ved Universitetet i Helsinki.