Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Vil bli møtt som eit heilt og ekte menneske

Kari Eldal disputerer 09.12.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: “Sikkerheitsnettet som tek imot om eg fell – men som også kan fange meg. Korleis erfarer menneske med psykiske lidingar ei innlegging i psykisk helsevern? Eit samarbeidsbasert forskingsprosjekt mellom forskarar og brukarar.”.

Hovedinnhold

Å bli sett og møtt som eit heilt og ekte menneske - ikkje berre som ein pasient - er noko av det viktigaste for mennesker som er innlagt i psykisk helsevern. Det kjem fram i ein fersk doktorgradsstudie der forskarar og personar med eigenerfaring frå psykisk liding har jobba tett saman gjennom heile prosjektet.

Nokre menneske med psykiske lidingar treng av og til ei innlegging. Studien viser korleis dei små, mellommenneskelege tinga kan vere svært viktige for den enkelte si betring. Som å bli forstått og lytta til, eller at dei tilsette viser interesse for dei som heile personar. Korleis ei innlegging kan skape ei ramme av tryggleik, ro og rutinar, var også viktig for mange av pasientane som vart intervjua.

Likevel, i skarp kontrast til det trygge, opplevde mange av deltakarane at det var skamfullt å vere innlagt, og mange kjente seg stigmatisert. Skamma kunne føre til at dei vegra seg for å delta i det sosiale samspelet med tilsette og medpasientar. Å bli snakka nedlatande til, og ikkje få lov til å snakke om sin eigen situasjon kunne auke skamkjensla og dermed hindre betring. Mange var einsame og det å møte andre, ta del i rutinar og aktivitetstilbod var sentralt i høve til betring. Men overgangen frå å vere innlagd til å komme heim var stor, og vegen tilbake til gamle mønster kunne vere kort.

Utgangspunktet for studien var å utforske kva som er til hjelp og kva som er til hinder for betring hos pasientar innlagde ved distriktspsykiatriske senter. Studien byggjer på djupneintervju med 14 personar både medan dei var innlagt, og tre månader etter, der vi undersøkte korleis dei opplevde kvardagen på ei slik avdeling. Medforskarane i forskingsprosjektet har eigenerfaring og har aktivt medverka med å avgjere fokuset for forskinga. Dei medverka også med å utforme prosjektet, intervjue informantar, samt å analysere og formidle funn. Studien går lenger enn dei fleste i å ta i bruk erfaringskompetanse.

Personalia

Kari Eldal (1972) har mastergrad i klinisk sjukepleievitenskap frå HIOA. Sidan 2011 har ho vore tilsett ved sjukepleieutdanninga i Førde, HVL. Ho tok forskarutdanninga ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet, UIB. Hovudrettleiar har vore professor Christian Moltu (Helse Førde og HVL). Førsteamanuensis Marius Veseth (UIB) og førsteamanuensis Eli Natvik (HVL) var medrettleiiarar. Medforskingskoordinator i prosjektet var Åse Skjølberg. Medforskarar var Dorte Gytri, Solfrid Lillebø, Camilla Lykke Torp og Oda Brendehaug.