Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Identitetsforhandlingar på Limas uavhengige musikkscene

Alissa Vik disputerer 17.1.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "“Somos de acá, pero siempre hemos querido ser de allá, también”: Fusion aesthetics and negotiation of belonging in an independent music scene in Lima, Peru".

Hovedinnhold

Mestizaje er eit spansk omgrep som refererer til blandinga av ulike rasar eller kulturar som ofte har vore brukt for nasjonsbygging i Latin-Amerika. Gjennom dette konseptet prøver ein å inkludere «alle» i nasjonen ved å argumentere for at «vi er alle saman mestisar, difor er vi alle saman likestilte». Men å bruke konseptet på denne måten ekskluderer urfolk og andre etniske grupper som ikkje identifiserer seg som mestisar, samtidig som det gir rom for rasisme og andre former for diskriminering.

Nokre ungdomar i Lima – som dei som er sentrale i Viks forsking – bruker omgrepet mestizaje på ein heilt ny måte. Vik har forska på korleis unge middelklassemusikarar frå fem ulike band frå Perus hovudstad blandar peruanske og globale musikksjangrar i hybride musikkformer som blir kalla for fusión på spansk, for å uttrykkje identitetane sine og reflektere rundt omgrepet mestizaje. Gjennom dette tverrfaglege prosjektet har Vik funne ut at desse musikarane bruker både tradisjonelle peruanske musikksjangrar og instrument og urfolksspråk som quechua i musikken sin for å forankre seg i det lokale. Samtidig viser dei seg å vere verdsborgarar gjennom bruk av globale musikksjangrar og nye verktøy for musikkproduksjon og -distribusjon. Dei byggjer på ein tradisjon av fusión-musikarane i Lima som har den peruanske forfattaren José María Arguedas som kulturhelt, feirar Perus kulturmangfald og kjempar for eit meir inkluderande samfunn.

I tråd med Arguedas sine idear om mestizaje har dette omgrepet blitt til ein positiv identifiseringskategori som desse musikarane bruker for å feire – i staden for å avvise – sine røter i andre område av Peru. Sentralt i desse musikkprosjekta er også det som Vik kallar for fusion aesthetics – ikkje-lingvistiske element som musikksjangrar og instrument – som musikarane bruker for å uttrykkje dei same ideane dei framfører i songtekstar, og i diskursen rundt musikken sin.

Personalia

Alissa Vik har mastergrad i latinamerikastudium frå Universitetet i Bergen. Vik er opphavleg frå Minnesota i USA. Ho jobbar som universitetslektor i spansk ved NTNU i Trondheim og spelar latinamerikansk musikk i fritida.