Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Effekter av miljø- og klimaendringar på planktivor fisk

Anna Jeja Gabriella Ljungström disputerer 13.3.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Planktivorous fish and environmental change: using mechanistic modelling to explore the underpinnings and general validity of expected responses".

Organismar svarer på moderne klimaendringar på tre ulike vis: 1) ved å vandre mot høgare breiddegradar, 2) ved å endre tidspunkt for aktivitetar som reproduksjon og vandring, og 3) ved å bli mindre.

I PhD-avhandlinga bruker Ljungström mekanistisk modellering for å studere drivkrefter og korleis dei tre forventa responsane slår ut for fisk som lever av dyreplankton. Fisk som konsumerer dyreplankton er viktige i akvatiske økosystem fordi dei styrer energiflyt frå låge til høgare trofiske nvå, sidan dei beiter på dyreplankton og sjølv er viktig mat for større fisk, pattedyr og fuglar. Å forstå kva som skjer med denne gryppa av organismar er derfor viktig for å forutsjå konsekvensar av miljøendringar i marine økosystem.

Ljungström og medforfattarane legg fram ny innsikt om kva som kan skje med fisk som lever av plankton under miljøendringar generelt og klimaendringar spesielt. Den lange og mørke vinteren på høgare breiddegradar kan vere til hinder for vidare forflytning mot polane når havet blir varmare. Fisk på høgare breiddegradar kan heller komme til å flytte seg i retning ekvator for å klare seg gjennom vinteren. Dei finn og at større fisk som beiter på plankton har lettare for å flytte mot polane enn mindre fisk, som har fordel av varmare vatn. Temperatur ser heller ikkje ut til å vere den viktigaste faktoren for storleik hos desse fiskane – samansetjinga av dyreplanktonsamfunnet er truleg ein viktigare faktor her.

Desse funna verkar direkte inn på prediksjonar av produktivitet og resiliens hos fiskestammar på tvers av breiddegradar, og dermed for for kor mykje, kortid og kor vi menneske kan hauste dei.

Personalia

Gabriella Ljungström har en Bachelor i naturvitenskap, med spesialisering inom klimavitenskap, fra Macquarie University, Sydney, Australia, och en Master i naturvitenskap, med spesialisering i miljøvitenskap och atmosfærevitenskap fra Göteborgs Universitet, Sverige. Hon har vært doktorgradsstudent i gruppen før Teoretisk økologi ved Institutt for biovitenskap siden februar 2016.