Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis måle kvalitet i utskriving av eldre pasientar?

Ranveig Marie Boge disputerer 20.3.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Measuring discharge care quality in hospitalised elderly: Development and validation of an instrument based on patients’ experiences".

Storparten av pasientar som vert innlagde i sjukehus er eldre. Dei er særleg sårbare i utskrivingsprosessen, noko som kan påverka helse og livskvalitet etter sjukehusopphaldet og kan dessutan føre til unødig reinnlegging i sjukehus. Det er difor viktig å overvake utskrivingsprosessen ved bruk av kvalitetsindikatorar. Erfaringar frå pasientar som har vore innlagde i sjukehus kan danne grunnlag for ein viktig indikator for sjukehuskvalitet ved å bruke spørjeskjema (instrument) som er testa og funne eigna til dette formålet. Litteraturgjennomgang avdekkjer mangel på slike instrument. Målet for studien har vore å skaffe meir kunnskap om pasienterfaringar knytt til utskriving. På grunnlag av dette har ein utvikla og validert eit kort spørjeskjema og deretter testa bruksområdet for instrumentet i klinisk praksis.

Vi gjennomførte to spørjeundersøkingar til pasientar 65 år og eldre utskrivne frå Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sjukehus. I den første studien inngjekk 16 nye spørsmål med ein fem-punkt svarskala saman med spørsmål frå eksisterande spørjeskjema. Vi testa måleigenskapar og validerte instrumentet. Endeleg versjon blei redusert til 11 spørsmål som fordelte seg på tre faktorar namngjevne som Mestring etter utskriving, Etterleving av helseråd og Medverknad i utreiseplanlegging. Testresultata viste at indikatoren var meir knytt til kvalitet i utskriving enn til underliggjande sjukdom hos pasienten. Ein test av bruksområdet for instrumentet viste klar samanheng mellom utreisesamtale og kvalitet i utskriving, og at nytta av samtalen hadde samanheng med meir positive pasienterfaringar.

Resultata betyr at instrumentet, som har fått nemninga the Discharge Care Experiences Survey Modified (DICARES-M), gjer det mogeleg å måle kvalitet i utskriving og på denne måten kan vera eigna som kvalitetsindikator i utskrivingsprosessen. Vi føreslår DICARES-M lagt til i arbeidet med å betre kvalitet i utskriving av eldre pasientar frå norske sjukehus.

Personalia

Ranveig Marie Boge (f.1966) er utdanna sjukepleiar og har hovudfag i sjukepleievitskap ved Institutt for samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen (2002). Helse Vest og Haukeland universitetssjukehus har finansiert doktorgradsarbeidet. Avhandlinga utgår frå Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen. Hovudvegleiar har vore professor Stig Harthug, med ph.d. Arvid Steinar Haugen og førsteamanuensis Roy Miodini Nilsen som medvegleiarar.