Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kartlegging av gasshydrat i porøse bergartar

Stian Almenningen disputerer fredag 20.3.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Mapping Gas Hydrate Dynamics in Porous Media: Experimental Studies of Gas Hydrates as a Source of CH4 and Sink for CO2».

Dei konvensjonelle fossile brennstoffa er godt kjende for dei fleste, men færre er klar over at det eksisterer ei anna kjelde til naturgass; ei kjøleg energikjempe kalla gasshydrat som også kan gjera seg gjeldande ved global oppvarming og ved CO2 lagring i undergrunnen.Gasshydrat vert danna i naturen ved låge temperaturar og høge trykk, og kan beskrivast som frose vatn med store mengder naturgass. Det is-liknande stoffet finst naturleg i undergrunnen på alle kontinenta, særleg under havbotn langs kystlinene og i område med permafrost. Det høge innhaldet av naturgass gjer gasshydrat interessant som energikjelde, men også som mogleg katalysator for auka global oppvarming dersom tining av permafrost fører med seg store metanutslepp til atmosfæren.I denne ph.d.-avhandlinga vert det presentert eksperimentelle metodar og målingar som viser korleis distribusjonen av gasshydrat i naturlege sediment blir påverka ved auka temperaturar og lågare trykk. Det er brukt både MR avbilding og mikroskop for å studera straumen av gass og vatn i porene som vert frigitt frå gasshydratet ved nedsmelting. Desse resultata gjev verdifull innsikt i korleis gasshydrat blir påverka i naturen, kva som skjer ved nedsmelting, og korleis naturgass kan produserast frå gasshydrat.I tillegg har moglegheita for å gjera geologisk CO2 lagring sikrare vorte undersøkt. Danning av CO2 hydrat, som er meir stabilt enn CH4 hydrat, i sedimenter vil etter kvart blokkera porene og føra til at CO2 gass ikkje lenger kan strøyma gjennom bergarten. Dette er svært gunstig i forbinding med lagring av CO2 gass i undergrunnen og fører til lågare sannsyn for lekkasje av CO2 gass til overflata.

Personalia:

Stian Almenningen (f. 1990 på Voss) har bachelorgrad i Petroleum– og prosessteknologi og mastergrad i reservoarfysikk frå Universitet i Bergen. Doktorgradsarbeidet i reservoarfysikk er vorte utført ved Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen i perioden 2016-2020. Arbeidet har vore finansiert av instituttet gjennom Akademia-avtalen med Equinor. Førsteamanuensis Geir Ersland har vore hovudrettleiar, medan professor Martin Fernø og dr. Per Fotland har vore medrettleiarar.