Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis vil framtidas energisystem sjå ut?

Hans-Kristian Ringkjøb disputerer 15.5.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Modelling Energy Systems with Variable Renewable Energy".

Ei omstilling av energisystemet frå fossile brensel til fornybare energikjelder står sentralt i kampen mot klimaendringane. I denne omstillinga er sol- og vindkraft venta å spela ei stor rolle, men begge desse energikjeldene er avhengige av vêret for å kunna produsera straum. Kva gjer ein når det skyar over og vinden stilnar?

Ved bruk av energimodellar bidreg denne avhandlinga til å auka forståinga av korleis ein kan nå eit lågkarbonsamfunn med store mengder variabel kraftproduksjon i energiforsyninga. Etter kvart som sol og vind utgjer ein større del av energisystemet, vert det stadig viktigare at desse kjeldene er godt nok representerte i slike modellar. Eit av hovudfokusa i avhandlinga er difor å undersøka korleis energimodellar handterer sol og vind, evaluera teknikkar for å forbetra modelleringa, og gje eit betre faktagrunnlag for å kunna utforma framtidas energisystem.

To case-studie har vorte gjennomført. Det første ser på korleis Longyearbyen kan gå frå eit samfunn med kol som energikjelde til eit fornybarsamfunn. Funna frå studien viser at ei energiforsyning basert på sol og vind, energilagring, import av hydrogen og tilstrekkeleg reservekapasitet er mogeleg, påliteleg og vil føra til store utsleppskutt. Det andre caset tar for seg det Europeiske kraftsystemet. Modellresultata viser at ei framtid med låge karbonutslepp og mykje fornybar energi er å føretrekka, med sol og vind, energilagring og overføringskablar som kritiske komponentar. Felles for begge studiane er at ei nøyaktig modellering av sol og vind er særs viktig.

Avhandlinga demonstrerer at energimodellar kan gje viktig innsikt for å lukkast i energiomstillinga.

Avhandlingen er tilgjengelig her: http://hdl.handle.net/1956/22129

Personalia

Hans-Kristian Ringkjøb (f. 1991) frå Voss har bachelorgrad i energiteknologi frå Høgskolen i Bergen og mastergrad i fornybar energi frå Instituto Superior Técnico (Portugal) og École Polytechnique (Frankrike). Doktorgradsarbeidet innan fornybar energi har vorte utført ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen i perioden 2016-2020. Professor Peter Haugan (UiB) har vore hovudrettleiar, medan dr. Arne Lind (IFE) og professor Nils Gunnar Kvamstø (UiB) har vore medrettleiarar.