Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Mange val skal takast for å få gode insulinceller

Thomas Aga Legøy disputerer 26.5.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Investigating Cell Fate Decisions in the Pancreatic Islet".

Det er eit kjent problem i moderne samfunn at menneske får i seg mykje sukker gjennom søtsaker, men også ferdigmat. Eitt organ som må jobbe ekstra hardt med auka mengde sukker er pankreas, og då særleg dei insulinproduserande β-cellene. Viss desse cellene mislykkast, kan ein utvikle diabetes, og det er derfor viktig å forstå korleis β-cellene verkar.

Ein metode for å forstå korleis β-cellene verkar er ved å prøve å lage dei, ved å få induserte pluripotente stamceller (iPSC) til å utvikle seg til β-celler ved å stimulera dei med ulike kjemikal. Men denne teknologien er ikkje optimal endå, me i prosjektet har prøvd å forstå årsaker til at den kan bli betre. Me har vist at ved å innkapsla desse stamcellene under utviklinga i alginat, vil cellene føle trykket gjennom integriner som hjelper cellene til å bli betre β-celler. Vidare viste me at ved å transplantere desse innkapselerte cellene i mus, ville signalstoff frå musene vidare betre utviklinga av cellene. Me fann at cellene måtte uttrykke proteina HNF1A og HNF4A for å kunne dra nytte av signala frå musene. Knytt til dei innkapselerte cellene undersøkte me også om høgt blodsukker hjå musene ville påverke utviklinga mot β-celler. Dette er interessant om desse cellene skal brukast til å behandle pasientar med diabetes. Me oppdaga at cellene kunne tole ein kort periode med høgt blodsukker, men over tid vart det skadeleg og cellene byrja å døy.

Til slutt var me interesserte i å forstå rolla til transkripsjonsfaktoren HNF1A i funksjonen til β-celler. Ein mutasjon i HNF1A er assosiert med den monogene diabetes typen MODY3 der pasientar har redusert toleranse for sukker og auka blodsukkernivå. Dette var også noko me oppdaga hjå mus med liknande mutasjon i HNF1A i β-cellene. Vidare fann me at desse symptoma vart forsterka når musene vart fôra med ein høgfeittdiett, men redusert om me reduserte tilgangen til høgfeittdiett for musene. Dette kan indikere at kaloriregulering kan vere ei mogeleg behandling for MODY3 pasientar.

Personalia

Thomas Aga Legøy (f.1992), frå Bømlo no busett i Bergen. Han fullførte mastergraden sin i biologi med spesialisering i miljøtoksikologi, ved Universitetet i Bergen i 2016. I 2017 byrja han som stipendiat ved Klinisk institutt 2 rettleia av Simona Chera og Luiza Ghila. Arbeidet hans var finansiert gjennom Norges forskningsråd.