Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Eit viktig bidrag i forsking på vitamin D-effekten ved MS

Agnes Elisabeth Nystad disputerer 12.6.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Effects of calcitriol and fingolimod on remyelination in the cuprizone model".

I Noreg lever kring 12.000 personar med multippel sklerose (MS), ein alvorleg, kronisk betennelsesjukdom i hjernen og ryggmargen. I ein dyremodell for MS har Nystad funne at vitamin D speler ei rolle i å bygge opp att isolasjonen myelin – som beskyttar nervetråden og gjer at nervesignala går raskare. Funna er eit viktig bidrag i den vidare undersøkinga av effekten av vitamin D hos pasientar med MS.

Årsaka til MS er ukjent, men både genetiske og miljømessige risikofaktorar speler ei rolle. Det er kjent at låge nivå av vitamin D kan auke risikoen for å utvikle MS og auke sjukdomsaktiviteten. Det er ingen kur mot MS, medisinane som er tilgjengelege verkar hovudsakleg ved å undertrykke betennelseprosessen i hjernen.

Nervecellene sine utløparar (aksona) er omgitt av isolasjon, myelin. Ved MS vert myelinet rundt aksona øydelagt, demyelinisert. I etterkant av demyeliniseringa er nydanninga av myelinet (remyelinisering) begrensa. Det er ønskjeleg at ein finn strategiar som kan fremme remyelinisering i hjernen og dermed hindre skade og sjukdomsprogresjon.

I avhandlinga har Nystad nytta ein eksperimentell dyremodell, cuprizone-modellen, som etterliknar nokre av sjukdomsmekanismene ved MS. Modellen vert brukt til å studere de- og remyelinisering. Nystad har både studert effekten av MS-legemiddelet fingolimod og vitamin D på remyelinisering og aksonskade. Fingolimod hadde inga effekt på remyelinisering, men mus som fekk høgdose vitamin D hadde betre nydanning av myelin. Funna i studien tyder på at høge dosar med calcitriol, biologisk aktiv vitamin D, kan fremme remyelinisering i hjernen hos mus. Vidare hindra vitamin D (cholecalciferol) aksontap dersom vitamin D vart gitt før og under pågåande demyelinisering. Calcitriol gitt etter demyelinisering, under pågåande remyelinisering hindra ikkje aksontap.

Personalia

Agnes E. Nystad (f. 1984) er frå Sandane i Gloppen. Ho studerte ved Medisinsk Fakultet, Universitetet i Bergen (UiB) og avla medisinsk embetseksamen i 2017. Doktorgradsarbeidet starta gjennom forskerlinja ved UiB. Sidan 2018 har Nystad vore stipendiat ved Klinisk Institutt 1. Arbeidet er utført ved Nasjonal kompetansetjeneste for multippel sklerose, nevrologisk avd., Haukeland Universitetssjukehus. Professor Øivind Torkildsen har vore hovudrettleiar og ph.d. Stig Wergeland har vore bi-rettleiar.