Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Å operere trong spinalkanal; Er det naudsynt med avstiving?

Ivar Magne Austevoll disputerer 12.6.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Surgical treatment and clinical outcomes in Lumbar Degenerative Spondylolisthesis".

Hovedinnhold

Spinal stenose er den vanlegaste årsaka til at personar over 60 år blir opererte i ryggen. Dei har sterke smerter i ryggen og nedover beina på grunn av redusert plass i ryggkanalen. Når det er redusert plass i overgangen mellom to ryggvirvlar, og den øvre virvelen har glidd framover i forhold til virvelen under, kallas tilstanden degenerativ spondylolistese. Ved begge høve vil operasjon innebera at ein fjernar bein og forkalka seneband for å betra plassforholda for nervane i kanalen. Hos dei med spondylolistese kan ein i tillegg velja å gjera avstiving mellom dei to ryggvirvlane. Då tek ein beinvev frå hoftekammen og legg mellom virvlane som har glidd, slik at desse kan vekse saman. Som oftast set ein i inn skruar og stag i tillegg. Kor vidt det er naudsynt med avstiving er omstridd, og praksis varierer mellom ulike sjukehus og mellom ulike land.

Austevoll fann i si doktoravhandling at resultata hos dei som var opererte berre med å betre plassforholda ikkje hadde dårlegare resultat enn hos dei som fekk avstiving i tillegg. Det var meir enn dobbel så lang operasjonstid og liggetid på sjukehus hos dei som var operert med avstiving. Konklusjonen i avhandlinga er at dei fleste kan opererast med den enklaste, tryggaste og billegaste metoden. Eit vellukka resultat var definert som 30% betring av evne til å utføra daglegdagse aktivitetar. Grensa på 30% er berekna i ein eigen studie i avhandlinga. Studiane har nytta data frå Nasjonalt Kvalitetsregister for Ryggkirurgi.

Doktorgradsarbeidet kan ha medverka til at andelen opererte med skruar i Noreg (om lag 30% i 2018) har blitt kraftig redusert dei siste 5 åra. I andre land, til dømes Danmark og USA der dei aller fleste (om lag 90%) blir opererte med skruar, vil ein kunna gjera behandlinga betydelig billigare dersom ein endrar til same praksis som i Noreg.

Personalia

Ivar Magne Austevoll (f. 1967) er utdanna lege frå Universitetet i Bergen (1996), og overlege ved Ortopedisk avdeling, Kysthospitalet i Hagevik, Haukeland Universitetssjukehus. Sidan 2014 har han hatt doktorgradstipend (50%) frå Helse Vest.

Doktorgradsarbeidet har vore utført ved Klinisk institutt 1, UiB. Hovudrettleiar har vore PhD Christian Hellum, OUS. Fyrsteamanuensis ved UiB, dr. med. Kari Indrekvam, og dr. philos Rolf Gjestad, har vore medrettleiarar.