Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

ADHD- Risikofaktorar, personlegdomstrekk og tilleggssjukdom

Johanne Telnes Instanes disputerer 16.6.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Personality traits, risk factors and comorbidities in Attention-deficit/hyperactivity disorder".

Hyperaktivitet, impulsivitet og vanskar med merksemd er sentrale kjenneteikn ved ADHD. ADHD er ei kompleks liding, og doktorgradsarbeidet hadde som mål å undersøkje ulike sider og risikofaktorar for ADHD. Resultata viste at immunrelaterte sjukdommar hos mor kan gje auka risiko for ADHD hos barnet. Samanlikna med personar utan ADHD, har personar med ADHD auka risiko for tilleggssjukdommar; immunrelaterte sjukdommar er òg blant desse. Denne risikoen er ulikt fordelt mellom kjønna. Arbeidet er bygd på fire studiar. I den eine studien vart personlegdomstrekk og psykiatriske lidingar undersøkt hos personar med ADHD. Studien viste at personlegdomstrekk som pessimisme, redsle, impulsivitet og bråsinne var knytt til ADHD. Pessimisme og redsle var særleg knytt til tilleggslidingar som angst og depresjon, og impulsivitet og bråsinne til antisosial personlegdomsforstyrring, men i mindre grad til ADHD i seg sjølv. Ved å kople saman opplysningar frå ulike norske register, undersøkte Instanes samanhengen mellom kronisk immunrelatert sjukdom hos mor og risiko for ADHD hos barnet. Studien viste at barnet hadde auka risiko for ADHD om mor hadde multippel sklerose, leddgikt, type 1 diabetes, lavt stoffskifte eller astma. Moglege assosiasjonar mellom ADHD og autoimmun sjukdom vart undersøkt i ein annan registerstudie. ADHD var kopla med psoriasis hos både menn og kvinner, og med ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom hos kvinner. ADHD var ikkje assosiert med multippel sklerose eller leddgikt, korkje hos menn eller kvinner. I ein systematisk oversikt av studiar om fysisk sjukdom og ADHD hos vaksne, fann Instanes at det er godt dokumentert at ADHD er kopla til astma, fedme og søvnvanskar. Informasjon om risikofaktorar er nyttig i arbeidet med å forstå meir om årsakene og utvikle betre behandling av ADHD. Arbeidet har gitt ny kunnskap om utfordringar personar med ADHD kan oppleve, og understrekar kor viktig det er å hugse på både kropp og psyke i behandlinga av ADHD.

Personalia

Johanne Telnes Instanes (f. 1979) frå Sotra, Vestland, er utdanna lege ved Universitet i Bergen (UiB) (2005). Ho har sidan 2010 vore knytt til prosjektet “ADHD: from clinical characterisation to molecular mechanisms», UiB. Doktorgradsarbeidet er utført ved Institutt for biomedisin og Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB. Hovudrettleiar har vore professor Kari Klungsøyr, med professor Jan Haavik og førsteamanuensis Anne Halmøy som medrettleiarar.