Hjem
Nye doktorgrader

Fleire bør få døy heime

Camilla Kjellstadli disputerer torsdag 18. juni 2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Dying at home in Norway: health care utilization in the final months of life”.

Mange ønsker å vere heime i sluttfasen av livet, men få døyr heime i Noreg. Me veit lite om kven som døyr heime, oppfølginga frå helsetenestene og kva som skal til for å lukkast med å legge til rette for heimedød.

Med utgangspunkt i registerdata frå heile befolkninga har Kjellstadli og medarbeidarar undersøkt forhold rundt heimedød i Noreg, inkludert helsetenestebruk i slutten av livet. Studien viser at sjølv om få døyr heime, ser det ut til at berre eit mindretal av desse dødsfalla var planlagt å skje heime. Hjarte- og karsjukdom og kreft var hyppigaste dødsårsaker ved heimedød, mens sannsynet for heimedød auka når dødsårsaka var uklar eller som følge av ytre årsaker. Fleire menn enn kvinner døydde heime. Yngre personar hadde høgare sannsyn for heimedød enn eldre.

Om lag halvparten av heimebuande personar fekk heimesjukepleie i sluttfasen av livet, men berre eit stabilt høgt veketimetal med hjelp var assosiert med å døy heime. Nesten 70 % hadde lågt sannsyn for å ha korttidsopphald på sjukeheim. Korttidsopphald var assosiert med mindre heimedød. Under 1 av 10 døde fekk både heimebesøk frå fastlegen og hadde ein fastlege som samarbeidde med anna helsepersonell dei siste fire vekene av livet. Både heimebesøk og samarbeid auka sannsynet for heimedød. Helsetenester der personar måtte forlate heimen, inkludert fastlegekonsultasjonar, legevaktkonsultasjonar og sjukehusinnleggingar reduserte sannsynet for heimedød.

Oppfølging frå fastlege og heimesjukepleie kan legge til rette for meir heimedød, men effekten av kvart enkelt tiltak var lite. Resultata tyder på at dei fleste døyande i Noreg ikkje mottar oppfølging som gjer heimedød til eit realistisk alternativ. Potensialet for å tilby lindrande behandling i heimen i sluttfasen av livet er ikkje utnytta.

Doktoravhandlinga har gitt kunnskap om individuelle forskjellar hos personar som døyr heime samanlikna med andre stader og om påverkbare faktorar i helsetenesta som kan ha betydning for at fleire kan avslutte livet heime.

Personalia

Camilla Kjellstadli (f.1986) er lege og arbeider som lege i spesialisering i allmennmedisin. Sidan 2014 har ho vore knytt til Senter for alders- og sykehjemsmedisin ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen, der ho gjennomførte doktorgradsarbeidet. Steinar Hunskår, Bettina Husebø og Elisabeth Flo har rettleia doktorgradsarbeidet. Studien er finansiert av Universitetet i Bergen, Senter for alders- og sykehjemsmedisin, Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin og GC Rieber fondene.