Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Energistoffskiftet i kreftceller kan vere eit mål for terapi

Sissel Elisabeth Dyrstad disputerer 21.8.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "A study on metabolic rewiring in cancer cell plasticity".

I 2018 vart det registrert over 18 millionar nye krefttilfelle verda over (GLOBOCAN 2018). Ein faktor som bidrar til auka dødelegheit ved kreft er evna kreftcellene har til å forandre seg slik at dei kan spreie seg til andre deler av kroppen eller bli motstandsdyktige mot terapi. I alle celler er ei rekke metabolske prosessar viktige mellom anna for å oppretthalde energitilførsel i form av energimolekylet ATP. Mitokondriane er hjartet i ATP produksjonen og blir ofte beskrive som kraftstasjonen i cella. I kreftceller er mange metabolske prosessar kapra for å oppretthalde ukontrollert vekst.

Dyrstad og kollegaene har sett på kva rolle metabolsk omprogramering har i forandringsevna til kreftcellene. Dei fann at mitokondriane er involvert i prosessar som er viktige for kreftspreiing. Nedregulering av bestemte mitokondrielle funksjonar leia til meir fleksibilitet i brystkreft. Dette kan mellom anna bidra til at kreftcellene blir mindre avhengige av oksygen frå blod, og i tillegg lettare kan spreie seg til andre stader. Slike celler vil òg produsere meir laktat, noko som tidligare er vist til å bidra til eit kreftfavoriserande mikromiljø. Dyrstad har òg funne at liknande mekanismar kan bidra til resistens mot behandling i ikkje-småcella lungekreft, noko som er eit stort problem i denne krefttypen. I laboratorieforsøk brukte ho målretta eksperimentell behandling mot avgjerande molekylære faktorar, for å forhindre at cellene blei resistente. Behandlinga resulterte i redusert laktatproduksjon, mindre resistens og auka celledød i kreftcellekulturane.

Metabolske og mitokondrielle funksjonar er avgjerande for forandringsevna til kreftceller. Derfor kan utvikling av målretta terapi mot desse faktorane vere ein lovande strategi for å finne ny kreftbehandling.

Personalia

Sissel Elisabeth Dyrstad (f. 1988) er oppvaksen i Svelgen i Vestland fylke. Ho har ein bachelor i biologi (2011) og ein mastergrad i medisinsk biologi (2013), begge frå Universitetet i Bergen. I perioden 2016 - 2020 har ho vore stipendiat ved Institutt for Biomedisin med finansiering frå Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar har vore professor Karl Johan Tronstad, med professor James Lorens og Dr. Gro Vatne Røsland som medrettleiarar.